– Vestland må bli ein bjellesau for kulturlivet

– Den nye fylkeskommunen må bli ein bjellesau for kulturlivet, sa fylkesdirektør Karen Espelund på den første kulturkonferansen for Vestland fylkeskommune.

Espelund er fylkesdirektør for kultur og folkehelse i Trøndelag fylkeskommune som vart samanslegen 1. januar 2018.

– Det er ikkje i kulturdepartementet kultur blir skapt. Det skjer lokalt i regionane. Vi må regionalisere kulturpolitikken. Det er dei nye fylka klar til å gjere, men då må vi få verkemiddel. Vi må få sterkare økonomiske musklar, sa Espelund.

Vil ikkje ha svarteperspel

Fylkesdirektøren peika på at det er heilt feil å seie at nasjonal kulturpolitikk er statleg.

– Nasjonal kulturpolitikk er både statleg, regional og lokal. Det har ikkje staten teke inn over seg. Vi ønskjer tydelege nasjonale mål, og vi skal vere med å innfri dei. Vi vil ha ein sterkare rolle og sterkare verkemiddel i kulturpolitikken. Vi vil ha verkemiddel som gjer at vi kan prioritere. Vi vil ha tillit til at dei folkevalde regionale organa har evne til å handtere kulturpolitikken. Dei statlege overføringane må ikkje bli eit svarteperspel, der vi må ta nedskjeringane. Vi lever livet lokalt, og det første møtet barn får med kulturen, skjer lokalt. Eg ønskjer staten velkommen etter i å forstå det perspektivet, sa fylkesdirektør Karen Espelund i Trøndelag.

KulturN1000B5707.jpg

Dei to fylkesordførane, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling, vil bruke kultur til å bygge Vestland fylkeskommune.

Kulturen er limet

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland var tydeleg på at politikk blir viktig i den nye fylkeskommunen.

– Kulturen er limet i historia og identiteten vår. Og den blir endå viktigare framover. Dei som er redde for at kulturen skal bli ein salderingspost, tek feil. Nei, kulturen skal bli viktigare og viktigare. Vi ser eit taktskifte. Kulturen skal vere open og levande i samfunnet. Den er viktig for demokratisering. Vi skal dyrke ulike syn og identitetar. Kultur skal anmeldast i media, ikkje til politiet, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Motor og kraft

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane sa at kultur spelar ei viktig rolle i samfunnet.

– Kultur skal bli ein motor og kraft i det nye fylket. No startar arbeidet med å bygge kulturen. Det blir ei kampsak for oss. Vi har eit hav å ause frå. Vi kjenner kvarandre frå før, men no må vi kome saman og bygge nettverk. Kulturen skal utfordre oss. Det ligg spenning i den. Vi må la oss utfordre. Det å oppleve noko ubehageleg er privilegiet til kulturen. Vi skal heie fram den vestnorske kultur, humor og sarkasme. Kunsten blir ein viktig byggestein i Vestland fylkeskommune, sa fylkesordførar Jenny Følling.

KulturN1000B5703.jpg

Thor Albrektsen, Mia Holdhus, Lisa Horpen og Maria Dale Salbu frå ungdommens politiske utval og ungdommens fylkesutval vil vere med på å skape Vestland fylkeskommune.

Auga til dei unge

Fire ungdommar frå ungdommens fylkesutval i Hordaland og ungdommens politiske utval i Sogn og Fjordane deltok på konferansen.

– Vi ser fylket gjennom auga til dei unge. Difor er det viktig at vi får delta. Vi ønskjer å satse på folkehelsearbeid og kulturtilbod og at offentlege bygningar blir lettare å låne. Vi vil at biblioteka skal bli utstyrsbibliotek, og vi vil ha fleire aktivtetsarenaer som Fysak-hallen. Vi ser fram til samarbeid og å få vere med på å skape den nye Vestland fylkeskommune, sa Mia Holdhus, Maria Dale Salbu, Thor Albrektsen og Lisa Horpen.

KulturN1000B704.jpg

Førsteamanuensis Jan Paschen Knudsen lanserte Høgskulen på Vestlandet som nynorskens universitet. 

Dobbelt så stort som Island

Jon Paschen Knudsen, førsteamanuenis ved Universitetet i Agder, meiner fylkeskommunen er godt rusta til å ta seg av kulturpolitikken.

– Du får ikkje mykje firefelts motorveg for 700 millionar kroner, men du får mykje kultur for pengane. Agder er like stor som Island, og Vestland er dobbelt så stor i folketal. Burde ikkje desse fylka ha like mange kulturinstitusjonar som Island? Den nye fylkeskommunen gjer lurt i å førebu seg på større ansvar. Mykje av kulturarven blir forvalta regionalt. Vi må ha både ein nasjonal, regional og lokal innsats for å skape kultur, sa Knudsen som ville omdanne Høgskulen på Vestlandet til nynorskens universitet.

KulturN1000B723.jpg

– Vi var skeptiske til å ta ansvar for nasjonale kulturinstitusjonar, men det har gått bra i desse 20 åra. Vi satsar meir på kultur enn staten, sa kultursjef Katti Hoflin i Västra Götalandsregionen i Sverige.

Regionalt ansvar i Sverige

Kultursjef Katti Hoflin i Västra Götalandsregionen i Sverige har god erfaring med overføring av ansvar frå stat til region.

– For 20 år sidan fekk vi ansvaret for store, nasjonale kulturinstitusjonar. Vi var skeptiske, men det har gått bra i desse 20 åra. Vi satsar meir på kultur enn staten. Vi aukar løyvingane heile tida, men det gjer ikkje staten. Vår auke er på to-tre prosent i året, mens staten aukar med ein prosent. I dag får vi berre 20 prosent av løyvingane til kultur frå staten. Vi har mykje større ambisjonar enn staten.  Vi ser ikkje på dette som ein kostnad, men som investering. Hos oss er kultur på same nivå som andre styrande dokument. Vi har politikarar som ikkje berre er kulturpolitikarar, men som forstår heile det politiske bilete. Vi orkar, vi har musklar, og vi er flinke til å søke prosjektmidlar, sa kultursjef Katti Hoflin.

KulturN1000B5766.jpg

Jon Skjerdal, leiar av Nattjazz, vil framleis ha stønad direkte frå Norsk kulturråd, men og meir pengar frå fylkeskommunen til festivalane på Vestlandet og at improvisasjonsmusikk blir fag i den vidaregåande skulen.

Vil ikkje ha svensk modell

Leiarar av store kulturinstitusjonar på Vestlandet ser ikkje for seg å overføre den svenske modellen til Noreg. Bernt Bauge, administrerande direktør i Bergen filharmoniske orkester, vil framleis ha nasjonal finansiering som i dag og viste til at Den Nationale Scene og vil ha det slik.

– Det finansielle hovudansvaret må ligge hos staten, sa Bauge.

 Jon Skjerdal, dagleg leiar av Nattjazz ser det på same måten.

– Vi ønskjer at stønaden framleis skal ligge hos Norsk kulturråd. I tillegg forventar vi ei kraftig auke i overføringane frå fylkeskommunen til festivalane på Vestlandet, at improvisasjonsmusikk blir fag i den vidaregåande skulen og meir til jazzlina ved Griegakademiet, sa Skjerdal.

Adriana Alves, styreleiar i Bildende Kunstnernes Forening Hordaland, sa og klart nei til overføring av oppgåver frå kulturrådet til regionen.

Den første

Rundt 250 personar deltok på den første kulturkonferansen for Vestland fylkeskommune. Her møtte kulturlivet, fylkeskommunen og kommunane. Konferansen var eit samarbeid mellom Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar.