– Pårørande til demente må ikkje bli utarma

– Det er viktig å ha eit støtteapparat og verkemiddel som kan hjelpe demente, slik at ikkje dei pårørande rundt blir heilt utarma, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun på eldrerådskonferansen for Hordaland.

Demens var det eine hovudtemaet på den årlege eldrekonferansen for dei kommunale eldreråda i Hordaland som fylkeseldrerådet er tilskipar av.

Fylkesordføraren var opptatt av problemet med at stadig fleire blir demente.

– Dette er ei stor utfordring i samfunnsutviklinga. Vi veit at fleire og fleire får demens, og det tek meir og meir av behandlinga til eldre. Dette må vi ta på alvor, slik at ikkje pårørande skal overta ansvaret til det offentlege. Det er fint at de set dette på kartet. Vi må stå skulder ved skulder for å løyse dette, sa Hestetun.

EldreKonB4877N1000.jpg

– Vi ta ta demens på alvor slik at ikkje pårørande skal overta ansvaret til det offentlege, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun på eldrerådskonferansen i Hordaland.

Må vere tydelege 

Fylkesordføraren oppmoda eldreråda å bruke fullmakten dei har.

– De må vere tydlege. De gjer eit viktig arbeid for fellesskapet. Det blir ikkje færre av oss godt vaksne etter kvart. Det er viktig med godt engasjement for fellesskapet som går langt utover oss sjølve. Vi vil ha aktive tilbakemeldingar frå dykk slik at synspunkta dykkar kjem fram, og vi kan vedta sakene de er opptekne av, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Musikk er det siste vi gløymer

Eldrerådskonferansen hadde fleire innlegg om demens, mellom anna om å bu heime med pårørande og på sjukeheim, og korleis musikk kan vere eit godt verkemiddel mot demens.

– Musikk er nemleg noko av det som festar seg sterkast hos eit menneske og blir det siste vi gløymer. Det blir difor viktig å bruke musikk i arbeidet mot demens, seier leiar av fylkeseldrerådet, Gunda Falao Sparre.

EldreKonB4893N1000.jpg

Representantar for eldreråda i Hordaland deltok på den årlege eldrerådskonferansen.

Eit aldersvenleg samfunn

Det andre hovudtemaet på konferansen gjekk på eit aldersvenleg samfunn.

– Samfunnet vårt er ikkje aldersvenleg i dag. Det er ikkje lett å ferdast i rullestol i gatene eller å vere blind eller rørslehemma. Det kan vere ei rampe på fortauet, men ikkje når du skal gå av i andre enden. Å gå på tog, bybane eller buss kan vere vanskeleg for rørslehemma. Vi har mange døme på at dette ikkje er aldersvenleg.

Haldningar

Falao Sparre meiner fleire instansar må vere med å løyse dette.

– Vegvesen, kommunen, byggebransjen og fylkeskommunen. Eldreråda må bli trekte med i prosessen med planlegging av fysisk utforming. Det har og med haldningar å gjere, korleis samfunnet ser på eldre. Får vi eit aldersvenleg samfunn, får vi eit samfunn som er venleg for alle, i alle aldrar. Ein som går med barnevogn vil ha dei same utfordringane som ein rørslehemma eller ein som sit i rullestol, seier leiar av fylkeseldrerådet, Gunda Falaoe Sparre.

Eldrerådskonferansen går over to dagar i Terminus Hall i Bergen.