– Har aldri vakse så mykje som på Hyssingen

– Eg har aldri vakse meir enn året eg har vore her, seier Christian Helgesen, ein av ungdommane som går på Hyssingen produksjonsskole. Han er ein av mange som har fått eit betre liv etter å ha droppa ut av vanleg skule.

– Eg har vore her i eitt år no og skal bli fram til sommaren. Her får eg spele piano og lage film. Vi har eit fantastisk opplegg, og eg har fått interesser og kunnskapar som ein vanleg skule aldri har fått fram i meg, seier 19 år gamle Christian Helgesen.

Etter ungdomsskulen gjekk han først vg1, og så vg2, men kom ikkje i mål og starta på nytt på vg2.

– Eg droppa ut av skulen og søkte meg hit til Hyssingen. No skal eg gå vidare på Sunnhordland folkehøgskule på Halsnøy. Eg er open for planane vidare, men eg har sikkert betre peiling etter folkehøgskulen, seier Christian Helgesen.

HyssingenN1000B5267.jpg

– Vi var gjerne igjen etter skuletid fordi vi hadde det så kjekt, seier Amy Willox som har gått på Hyssingen produksjonsskole. Christian Helgesen seier han har vakse mykje på skulen.

Får ny sjanse 

Hyssingen produksjonsskole gir ungdom ein ny sjanse til å lære og kome seg vidare i livet. Den er eit tilbod til elevar som av ulike årsaker ikkje har funne seg til rette i den ordinære vidaregåande skulen. Hyssingen er ingen vanleg skule. Produksjon står sterkare enn skule. Elevane skal bli inspirert, lære praktiske ting og bli motivert til ordinær utdanning eller jobb.

Skulen tilbyr fire ulike undervisingsverkstader: Restaurant og matfag, bygg og anlegg, design og handverk, og kulturverkstad med foto, film og musikk etc.

Produksjonsskulen har skipa til open dag der ein del potensielle elevar var innom. Også tidlegare elevar kom innom.

– Eg slutta her 31. oktober i fjor og trivst svært godt her. Vi har mange gode klassekamerater og godt miljø. Vi fann alltid på sprell og bråkte sikkert litt for mykje, men vi gjorde mykje kult. Det kjekkaste var jamming kvar onsdag. Då var det god stemning, seier Amy Willox som gjekk på kulturverkstaden og spelar gitar og syng.

Saknar skulen 

For Amy Willox var det kjekt å kome attende på skulen og treffe kjentfolk.

– Eg har sakna å vere her. I eit halvt år gjekk eg på ordinær vidaregåande skule, men droppa ut. Eg hadde dårleg motivasjon, dårleg døgnrytme og sleit med å kome meg på skulen. Men det var ikkje noko problem då eg kom hit. Vi var gjerne igjen etter skuletid fordi vi hadde det så kjekt.

Amy Willox går no på tiltak via NAV. Ho er 18 år og har fått motivasjon til å kome seg vidare.

– Eg har fått eit betre liv og har fått mange nye venner. Eg elskar å jobbe med musikk og har lyst til å jobbe med dyr, spesielt ville dyr, seier Amy Willox.

HyssingenN1000B5258.jpg

Erlend Eriksen (t.v.) har lagt treårsplan for livet vidare. – Her får ungdommane ein god start vidare, seier lærar Ole Kristian Einarsen på trommene.

Skal nytte praksisrett 

Erlend Eriksen (20) er og ein tidlegare elev som er tilbake på den opne dagen.

– Eg gjekk her i fjor og har fått jobb i ein matvarebutikk. Eg har ein treårsplan framover. Først skal eg jobbe og få praksis. Etter kvart skal eg ta opp igjen fag frå vidaregåande skule. Eg manglar berre eksamen i norsk. Når eg er 23, kan eg nytte praksisrett for dei over 23 med fem års arbeidserfaring og studere vidare. Men eg veit ikkje kva eg skal bli. Eg har lyst å drive med musikk, men det er eit nålauge å kome igjennom, seier Erlend Eriksen som spelar gitar, bass, piano og trommer.

Ny festival 

Theo Myking er ganske ny på produksjonsskulen. Han starta der etter nyttår. Inne på verkstaden for design og handverk er han i full gang med å måle.

– Dette skal bli sceneteppe for den nye No Filter-festivalen til sommaren. Eg er med på å planlegge festivalen med konsertar, kunst, føredrag og dans. Det skal bli ein stor og fin kunstfestival med mange lokale kunstnarar over ein til tre dagar i juni/juli, seier Myking.

Han ligg på golvet og målar på avispapir oppe eit banner på to gonger tre meter.

– Eg blir open og kreativ gjennom kunst. Her på skulen skal eg vere fram til midten av april. Eg trivst godt her på Hyssingen. Det er mange oppturar. Eg er takknemleg for at eg får vere her kvar dag. Tidlegare har eg fullført vg1 og byrja på vg2. Eg trudde eg likte å jobbe med pensum, men fann ut at eg liker kunst betre. No skal eg søkje kunstskulen i Bergen eller kunsthøgskulen på Universitetet, seier Theo Myking. 

Gøy å sjå reisen til ungdommen 

Ole Kristian Einarsen er lærar på kulturverkstaden og spelar bass i bandet Great News.

– VI har ein god skule. Her får ungdommane ein fin start vidare. Det er gøy å sjå reisen til ungdommane. Dei gjer store endringar i det positive og gode miljøet vi har. Her ser vi kvarandre og er likestilte. Vi vaksne er rettleiarar, seier lærar Ole Kristian Einarsen.

Hyssingen produksjonsskole har kontinuerleg inntak gjennom heile året. Det er berre å ta kontakt med skulen.