– Foreldre må vere gode forbilde for russen

– Foreldre må gå foran og vere gode forbilde for russen, sa Øystein Samsonsen i politiet på foreldremøtet for russen i Bergensområdet.

Foreldremøtet på Amalie Skram videregående skole samla nesten 800 foreldre frå dei vidaregåande skulane. Her fekk dei gode tips som kan gjere russetida betre.

– Vi må snakke om farene i russetida. Vi må ikkje vere naive, men involvere oss i russetida. Foreldre må vere gode forbilde og ta praten med russen, sa Samsonsen.

RussN1000B5245.jpg

– Nokre trur at narkotika kan toppe festen og sende dei opp i taket og opp i atmosfæren, sa Øystein Samsonsen i politiet. 

Rusmiddel

Bruk av rusmiddel er eitt av tema foreldre må snakke med russen om.

– Alkohol er den største utfordringa grunna volum. Det er lovleg og mest brukt. Russen har forventning om å drikke alkohol, men dei må ikkje etterlate nokon som har drukke for mykje. Ingen kan vere åleine ute ein kald natt og ikkje vere i stand til å ta vare på seg. Då er det lett å bli utsett for overgrep.

Det andre Samsonsen åtvarer mot er spritsmuglarar som ser på russen som ein god inntektsskjelde.

– Dei følgjer med på russearrangement, men kjøp ikkje sprit av personar du ikkje veit kven er og du ikkje veit kva som er på flaska.

RussN1000B5242.jpg

Rundt 800 russeforeldre møtte fram på informasjonsmøtet om russetida.

Dei kulaste, mest populære 

Narkotiske stoff er ein annan fare.

– Bruken av narkotika har endra seg frå tida då vi var russ. Då var det ingen som ville vere med dei som brukte narkotika. No er det gjerne dei mest populære, dei kulaste som går i front, dei som har  finaste russebuss, dei flottaste jentene og dei beste russesongane. Då er potensialet for rekruttering stort. Men dei som brukar narkotika er eit stort mindretal. Gruppepresset er likevel stort, og russen har store forventingar til russetida og at det heile tida skal toppe seg. Nokre trur at narkotika kan sende festen opp i taket og opp i atmosfæren.

Samsonsen fortalde om korleis enkelte bagatelliserer bruk av narkotika.
– Det er fleire mistydingar om narktotika. Nokre seier seier at «alle» brukar det, men det store, store fleirtalet av russen brukar ikkje narkotika. Den andre mistydinga er at mange trur at narkotika snart skal bli lovleg, og når ungdom trur noko er lov, trur dei at det er harmløyst. Dette må vi snakke med russen om. Russetida må ikkje bli opptakten til eit etablert rusmiljø. Det er fare for å etablere ein ruskultur gjennom russetid, sommarferie og fadderveke, sa Øystein Samsonsen.

RussN1000B5218.jpg

Fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal har eit godt råd til russeforeldre: Bry dykk og hent heim russen frå arrangement, slik at dei kjem seg trygt heim.

– Du må bry deg 

Fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal har eit godt råd til russeforeldre.

– Russen er over 18 år, dei er vaksne og myndige og kan kome seint heim. Men mitt beste råd er at foreldre skal bry seg og hente heim russen frå arrangement, slik at dei kjem seg trygt heim. Dei skal både vere russ og gjennomføre vidaregåande skule på ein god måte. Det er naturleg å feire etter 13 år på skule, men vi må ha tydelege rammer. Det blir dyrt å ta om igjen fag seinare som privatist, sa Lyngedal. 

Anne Grethe Korsmo er helsesjukepleiar og jobbar tett med russen.
– Dette er ikkje siste gong dei skal feste, men siste gong dei skal finpusse på vitnemålet. Russen er flott og fornuftig, og det går veldig bra med dei fleste, men i russetida når dei er samla, er dei utsette for smitte, sjukdom og skader. Dei er som flokkdyr. Vi må passe på at dei får nok søvn og mat. Ein som søv lite, er meir utsett for luftvegsinfeksjonar. Mykje av dette er virus og då hjelper ikkje antibiotika. Vi ser at ein del russ blir sjuke i russetida og ikkje får tatt eksamen.

RussN1000B5223.jpg

– Vi snakkar med russen om lover, reglar og konsekvensar. Det handlar om å førebygge, sa Dara Nazan i politiet.

Plan A, B og C 

Helsesjukesysteren har både ein plan A, ein plan B og ein plan C for russen.

– Plan A er når alt går bra og festen er super. Plan B er når russen mister litt kontroll. Då må du ringe foreldra og bli henta. Plan C er når det går galt. Då må du ringe nødnummer til politi eller ambulanse. Russen må tenke seg om når dei skal toppe det gøye og skal prøve ut når det gøyaste blir gøyare.

Lege og legevakt har låg terskel for å ta imot russ. Heldigvis blir alle i vidaregåande skule i Hordaland vaksinert mot hjernehinnebetennelse.

– Den gir godt vern og er ein viktig og god vaksine. Får du sjukdommen, får du berre lettare symptomar, seier helsesjukesyster Anne Grethe Korsmo.

Symptom på hjernehinnebennelse er slapp og medtatt, feber, oppkast, stiv nakke og utslett som ikkje går vekk når du trykker eit glass mot det. Men er du veldig fyllesjuk, er det vanskeleg å oppdage symptomane.

RussN1000B5214.jpg

– Det viktigaste er at vi skal få ei trygg og god russetid, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun, som sjølv er russemor i år.

Godt samarbeid i mange år 

Samarbeid om russefeiringa har pågått i mange år. Politiet starta samarbeidet i 1990, mens det vart eit utvida samarbeid frå 2001 mellom russestyret, politiet, skulane, Hordaland fylkeskommune og helseetaten i Bergen kommune.

– Eg er stolt over dette samarbeidet. Dette er eit engasjement som tener fellesskapet. Det viktigaste er at vi skal få ei trygg og god russetid. La oss stå samla om det, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun, som sjølv er russemor i år. 

Dara Nazan i politiet er med i samarbeidsgruppa.
– Målet er å få dei gjennom russetida på ein trygg og god måte. Vi har hatt samarbeid med russen sidan 1990 og følgjer dei gjennom året frå september til mai. Kvar skule har politikontakt som russen kan snakke med, sa Nazan.

RussN1000B5250.jpg

– Samarbeidet vi har om russetida er viktig for oss. Det er godt at politiet er på vår side, sa russepresident Benjamin Bjordal.

Frå 24 til 11 russebussar i år

Politiet gjennomfører orienteringsmøte med russestyret på alle skular og har orienteringsmøte for russen på skulane. Alle russebussar blir kalt inn til gjennomgang med politi og Statens vegvesen.
– I år har vi 11 russebussar. Det er nedgang frå 24 i fjor. Vi snakkar om lover, reglar og konsekvensar. Det handlar om å førebygge. For oss er det greitt å vite kvar russen er. Vi har patruljar ute som ivaretek tryggleiken. Vi er og med å arrangere rebusløp for russen. Då deltek over 300 bilar. Når russen spør foreldre om å få låne bilen for å bli med, må de foreldre seie ja, sa Dara Nazan.

Russepresident Benjamin Bjordal ønskjer ei god russetid for både russen og foreldre.

– Samarbeidet vi har om russetida er viktig for oss. Politiet er ute i felten og samarbeider med oss. Det er lett for oss å kontakte politiet. Det er godt at politiet er på vår side, sa Bjordal og la til at russen i år ikkje berre skal feste, men og samle inn fleire hundre tusen kroner til Kreftforeningen.