– Dei unge må ikkje gjere same feil som eg

– Eg kjende meg avvist, var sårbar. Far min var valdeleg. Eg var sint og vart radikalisert, men eg vil ikkje at unge i dag skal gjere same feilen som eg gjorde. Det sa Alyas Karmani, tidlegare ekstremist, på kurs i førebygging av radikalisering i Bergen.

Kurset var primært for lærarar i den vidaregåande skulen i Hordaland, men andre som jobbar med barn og unge deltok og. Alyas Karmani er frå England, vaks opp i Sør-London i ein familie som kom frå Pakistan. I dag er Karmani iman og psykolog, og held på med doktoravhandling om emnet. Han er ofte brukt som sakkunnig i saker der terroristar blir straffeforfølgt. 

Var utanfor, sint og sårbar

– Alle kan ende opp som terroristar. Årsaka til at eg ikkje vart det, var noko som hende i livet mitt. Eg var utanfor, sint og sårbar som 13-14-åring. Mange eg kjende hamna i fengsel. Men eg hadde ein lærar som redda meg. Han utfordra sinnet mitt og ba meg setje det inn i kunst ved å måle og teikne. Eg greidde det, fekk seinare utdanning og studerte på universitetet, sa Karmani.

RdaikalB4423N1000.jpg

– Vi jobbar strategisk med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, seier prosjektleiar Laila Kleppe i Hordaland fylkeskommune som inviterte Alyas Karmani til Bergen for kursing av lærarar i den vidaregåande skulen.

«Sataniske vers» 

I 1989 kom forfattaren Salman Rushdi med boka «Sataniske vers».

– Eg var 19 år og fekk spørsmål om eg var med dei eller mot dei. Det spørsmålet skjøna eg ikkje. Igjen kjende eg meg avvist, vart utanfor og sårbar. Eg vart valdeleg, men eg hadde ein person som forbilete og ein sterk indre røyst. Det reduserte sinnet, stoppa valden og eg studerte psykologi. Det hjelpte meg. Eg hamna ikkje i fengsel, sa Alyas Karmani.

I rundt 40 politisaker har Karmani vore sakkunnig.

– Eg spurde kva som gjorde dei til terroristar. Svaret er delvis den menneskeleg faktor. Dei har fått øydelagt det menneskelege. Vi må forstå historia bak dei for å skjøne dette.  Unge kan bli påverka til å gjere vonde ting, men dei kan og bli påverka til å gjere gode ting. Alle har nokon gong vore sinte, blitt avviste og vore utanfor. I ein slik situasjon er vi sårbare og kan gå i rett eller gal retning.

Må vise følelser 

Karmani meiner det menneskelege er viktig for å motarbeide radikalisering.

– Å vise følelser og vere audmjuk er å vere menneskeleg. Relasjonar er viktige. Vi må snakke, stille spørsmål og ikkje vere politisk korrekte. Vi må sjå andre, sjå relasjonane. Vi må utvikle kunnskap. Radikalisme har ikkje med ideologi eller ekstremisme å gjere, men personlege forhold. Vi må forstå kva som verkeleg foregår, ha reell dialog. Vi må utvikle gjensidig kunnskap, lære kvarandre å kjenne og respektere.

RadikalB4418N1000.jpg

Lærarar i den vidaregåande skulen i Hordaland og andre aktuelle deltok på kurset i farene for radikalisering. 

Kommuniserer gjennom vald 

Karmani sa at ein del unge blir valdelege fordi ingen lyttar eller høyrer på dei.

– Vald er ein måte for unge å kommunisere på. Nokre seier at dei må bruke vald for at andre skal høyre og sjå dei. Dei er sårbare og søkjer etter noko å høyre til og å bli akseptert. Dei som rekrutterer unge til ekstremisme, ser etter dei som er sårbare, som gir dei ei stemme og lyttar til deg. Livet er så dårleg at dei har ingenting å leve for. Dei kan gjerne gå i døden. Dei har ingenting å miste. Dei brukar vald for å vere trygge. Dei har eit liv i kaos og har traumar. Dei ser livet gjennom feile briller. Det er dette vi må forstå og gjere noko med, sa Alyas Karmani. 

Handlingsplan 

Laila Kleppe er fagansvarleg og  koordinerer arbeidet med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i Hordaland fylkeskommune.

– Vi jobbar strategisk med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Med dette kurset vil vi støtte lærarar på eit felt dei ikkje har hatt i utdanninga si og som er utfordrande. Vi vil gi verktøy til å forhindre gruppefiendtlegheit og unngå polarisering. Hordaland fylkeskommune har jobba med dette sidan 2015. Vi laga ein handlingsplan som vart vedteken i fylkestinget i 2017. Versjon to av den kom i august 2019. Handlingsplanen viser kva aktivt arbeid vi skal gjere på fleire område. Vi har godt samarbeid med Bergen kommune og politiet, og har eit regionalt nettverk.  Kurset vil held no er eitt av tiltaka i planen, seier Kleppe.

Elisabeth Harnes i Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) og Solveig Moldrheim i Rafto undervisning, har ansvar for undervisinga og er partar i nettverket.

Må forstå fenomenet

Kurset har som mål, ikkje berre å forstå fenomenet radikalisering, men og kva det inneber å gå i den retninga, anten til høgre eller venstre og kva mekanismar og fenomen vi snakkar om. På kurset deltok lærarar og avdelingsleiarar i vidaregåande skule, lærarar frå Nygård skole og frå fengselsundervisinga og nokre studentar på lektorutdanninga.

Om lag 30 personar deltok på foredraga, i gruppearbeid og med eigne erfaringar. Siste del av kurset over tre dagar går i januar. Då blir og tidlegare kursdeltakarar på dei tre føregåande kursa invitert.

Medborgarskap

Skulane førebur seg no til Fagfornyinga som startar i 2020, då alle læreplanane skal gjerast meir relevante for framtida. Ein  ny overordna del skal mellom anna løfte fram demokratisk danning.

– Demokrati og medborgarskap blir eit tverrfagleg tema, på lik linje med folkehelse og livsmeistring, og berekraftig utvikling. Dette skal gripe inn i alle fag, seier Laila Kleppe.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år vedteke eigen plan for førebygging av radikalisering. Planane skal gjelde for Vestland fylkeskommune frå årsskiftet.