Benedicte Maurseth fekk Vossajazz-prisen

På laurdag kveld blei Vossajazz-prisen på 50.000 kr delt ut til folkemusikar Benedicte Maurseth.

Prisutdelar var Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU).

Dette er juryen si grunngjeving: 
«Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med stil. Det er særskilt folkemusikken som står hjarta nærast, men òg tradisjonsmusikk frå heile verda. Prisvinnaren er ein av dei dyktigaste og mest spanande hardingfelespelarane i landet, og tilbyr ei unik toneverd der ho gjerne blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg inspirasjon – eller kastar seg ut i spanande samarbeid gjennom fri, improvisert musikk. Eitt av kjenneteikna til årets vinnar er fokus på at musikken skal vera ekte og lyttande, og ho har òg jobba mykje i kryssinga mellom musikk og litteratur.»

I år er det tredve år sidan prisen vart utdelt for fyrste gong. Hordaland fylkeskommune bidreg med pengane og jazzfolk bidreg med sin fagkunnskap i Vossajazz-prisen. Prisen er på 50 000 kr., og i tillegg eit trykk av årets Vossajazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Marie Storaas. Det heiter i vedtektene for Vossajazz-prisen at «Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.»