Vil ha premiering for kutt i utsleppa frå kollektivtrafikken

Hordaland fylkesting vil ha premiering for kutt i utsleppa frå kollektivtrafikken på lik linje med premiering for å køyre elbil. I ei fråsegn ber fylkestinget om at staten betalar eit tilskot på 1000 kroner pr. tonn CO2 som fylkeskommunane kuttar i kollektivtransport både til lands og på sjø.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier Hordaland fylkeskommune er eit føregangsfylke i overgangen til fossilfrie løysingar.

– Vi har sett store miljøkrav i dei nye buss- og ferjeanboda. Dette skapar innovasjon i næringslivet og styrkjer den verdsleiande posisjonen Vestlandet har innan marin, fossilfri teknologi. Dei nye ferjekontraktane med nullutsleppsteknologi og nye kollektivpakkar på land vil monne mykje og redusere utsleppa våre med 55 prosent i 2021 i høve til 2017, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Samrøystes fråsegn

Fråsegna vart samrøystes vedteken av fylkestinget og er oversendt til regjeringa og behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget.

Fråsegna vart fremja av Jon Askeland, og alle partia i fylkestinget slutta seg til.

– Økonomisk sett blir fylkeskommunen ikkje premiert for vårt vesentlege bidrag til at Noreg oppnår måla i klimaforliket på Stortinget. Dette er urimeleg og står i grell kontrast til økonomisk premiering som innbyggjarane får ved til dømes el- og hybridbilar. Ei slik belønning vil setja fart på overgangen til fossilfrie løysningar, seier Askeland.

Smarte val 

Som leiar av utval for miljø- og samferdsle i Hordaland peikar Askeland og på at utvalet har gitt uttale om at og fylkeskommunane må få økonomisk støtte for å gjere klimamessig smarte val.

– Statsministeren vår er ambassadør for berekraftmåla til FN, og Hordaland fylkeskommune har sett standarden for vellukka tiltak innan fylkeskommunal sektor, seier Jon Askeland. 

Økonomisk utfordring

I fråsegna ber fylkestinget om at staten innfører eit tilskot på 1000 kroner pr. tonn CO2 som fylkeskommunane kuttar i utslepa frå kollektivtransporten til lands og på sjø med 2017 som basisår. Fylkestinget vil at summen skal utbetalast som eit årleg tilskot.

Bakgrunn for fråsegna er at Hordaland fylkesting har vedteke å elektrifisere alle dei 21 fylkesferjesambanda i fylket. I tillegg skal dei nye bussanboda få lågutslepp-/nullutsleppteknologi. Dette vil redusere klimagassutsleppa med 55 prosent i fireårsperioden 2017 til 2021, men vil og medføre auka kostnader for kollektivtrafikken. Om ei slik belønningsordning blir innført, vil det medføre godt over 50 millionar kroner årleg i statleg tilskot til kollektivtrafikk i Hordaland.

– Dette vil vere eit viktig bidrag til å løyse dei økonomiske utfordringane med klimavenleg kollektivtrafikk, seier Jon Askeland.