Søk om å bli med i folkejuryen!
Les meir på vlfk.noVil du vere med og skape vestlandshistorie? No kan du du vere ein av dei som skal møtes 18. august i Bergen og saman finne fram til dei ti beste blant dei 640 innsende forslaga til fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune.
Møte i Bergen 18. august
Folkejuryen skal spegle att innbyggjarane i det nye fylket, og ha folk i ulike aldrar og kjønn og frå ulike geografiske område. Du må
- ha adresse i Hordaland eller Sogn og Fjordane
- vere opptatt av kva som er eit godt fylkesvåpen
- kunne vere i Bergen laurdag 18. august mellom kl. 13–16.
Kvart medlem i folkejuryen vil på førehand få tilsendt alle dei innsende forslaga, og gjer seg opp ei meining om fem favorittar. I møtet skal folkejuryen velje ut sine 10 favorittar. Desse blir slått saman med fagjuryen sine 10 favorittar. Alle finalistane går til ei nettrøysting i slutten av august. Vinnaren av nettrøystinga, «folkefavoritten», får 25.000 kr. Dei andre finalistane får 2000 kr kvar.
Slik søker du
Høyrest det freistande ut? Send ein epost til post@sfj.no, merka «Folkejury», med følgande informasjon:
- namn
- alder
- adresse
- grunngjeving for kvifor du vil bli med i folkejuryen
Frist: 9. juli. Les alle vilkår og alt om vegen til det nye fylkesvåpenet på vlfk.no/fylkesvapen.
Naturen som inspirasjon
Til saman har fylka fått inn 640 forslag til fylkesvåpen frå 324 ulike personar. Forslaga fordeler seg tematisk slik:
- Natur: 340
- Kultur/historie: 162
- Samtid/anna: 63
- Kombinasjonar av tema: 75
Av dei innkomne journalpostane er 242 frå Hordaland og 67 frå Sogn og Fjordane, andre 17 og ukjend 1.