Vil auka kapasiteten på landslinje ved Os vgs.

Kapasiteten ved landslinja vg2 anleggsteknikk ved Os vidaregåande skule bør aukast med to klassar, meiner eit samrøystes Hordaland fylkesutval.

Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen gå i dialog med nasjonale styresmakter med mål om at midlane til landsline vert auka tilsvarande to klassar. 

Alle partia stilte seg bak dette forslaget då fylkesutvalet behandla justering av klassetilbodet for Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular frå hausten 2019. 

Nei til toppidrett

Forslaget som Høgre sette fram i utvalet for opplæring og helse om oppretting av ein klasse som kombinerer toppidrett og bygg og anleggsteknikk ved Arna vidaregåande skule, sa fylkesutvalet nei til. Dei seks representantane til Høgre (3), Fremskrittspartiet (2) og Venstre (1) røysta for oppretting. Fleirtalet på ni (Ap, SV, Sp, KrF) gjekk i mot. Under handsaming av saka opplyste fylkesrådmannen at skulen innan sine tildelte rammer kan oppretta idrett som programfag. 

Omleggingar

Fylkesutvalet vedtok ei rekkje andre omleggingar av klassetílbodet neste haust. 

Ved Fusa vgs. vert det oppretta ein TAF-klasse (teknisk allmennfag) med fem elevar i restaurant- og matfag då det for tida er trong for fleire læringar i faget. 

Ved Kvinnherad vgs. vert det oppretta ein klasse Vg2 sal, service og tryggleik og ein klasse Vg2 kjemiprosess.

Voss gymnas får oppretta ein klasse Vg2 reiseliv og ein klasse Vg2 blomsterdekoratør. 

Tre skular får oppretta Vg2 industriteknologi, med ein ny klasse ved kvar av skulane Kvam vgs., Åsane vgs. og Laksevåg vgs. 

Innan elektrofag får Askøy vgs. ein ny klasse Vg2 data og elektronikk, medan det ved Stord vgs. og Årsrad vgs. vert omleggingar frå Vg2- til Vg1-klassar. 

Innan helse- og oppvekstfag kjem det to nye Vg2-klassar ved Olsvikåsen vgs., ein ved Osterøy vgs. og ein ved Knarvik vgs. Ved Nordahl Grieg vgs. kjem ein ny Vg3-klasse i studieførebuande helse- og oppvekstfag. 

Austevoll vgs. får på ny ein klasse Vg1 studiespesialisering, ein klasse som vart lagt ned våren 2018 grunna liten søknad. 

Nye justeringar til våren

Søkjartalet vil avgjera kva klassar som kjem i gang. Når ein til våren får oversikt over den samla søknaden til dei vidaregåande skulane, vert det ein ny runde med klassejusteringar.