Vestland søkjer fylkesdirektørar

Seks stillingar som fylkesdirektørar i Vestland fylkeskommune er no lyste ut.  Arbeidsstadar er Leikanger, Førde og Bergen og søknadsfristen er 16. oktober.

- Dette er nøkkelstillingar i den nye fylkeskommunen, og dei som vert tilsett vil vere ein del av toppleiargruppa som skal vere med på å bygge Vestland fylkeskommune. Dette er ein særs viktig milepæl for den nye fylkeskommunen, og eg er viss på at dette er nokre av dei mest spanande jobbane på Vestlandet på lang tid, seier Rune Haugsdal. Han er prosjektleiar for nye Vestland fylkeskommune.

Desse stillingane vert lyste ut:

Fylkesdirektør for infrastruktur og veg, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, lokalisert til Hordaland (Bergen)
Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Førde)
Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, lokalisert til Hordaland (Bergen)
Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, lokalisert til Hordaland (Bergen)