Vedtok flytting til Sandsli

Dei om lag 600 tilsette i administrasjonen i fylkeskommunen flytter frå sentrum til Sandsli frå 2020 til 2023. Det er klart etter at fylkestinget i dag vedtok å flytte fylkesadministrasjonen til Sandsli under bygginga av nytt fylkeshus.

Det noverande fylkeshuset stod ferdig i 1974 og har behov for omfattande modernisering. Fylkestinget vedtok i mars å bygge nytt fylkeshus på same tomt som i dag, men med to tårn ved sidan av kvarandre til ein pris av ca 600 millionar kroner. Det andre tårnet skal byggast der den tidlegare bensinstasjonen låg mot Aasegården.

Bygging av det nye fylkeshuset skal starte i januar 2020 når fylkesadministrasjonen flytter i mellombelse lokale på Sandsli. Det nye fylkeshuset skal stå klart til innflytting i desember 2022. Heile fylkesadministrasjonen skal få plass i det nye fylkeshuset, inkludert tilsette som i dag jobbar i leigde lokale i nabohusa Aasegården og Wigandgården. I tillegg får det nye fylkeshuset ledige lokale som skal leigast ut.