Mæland inspirert av kompetansearbeidet i Hordaland

– Hordaland arbeider på ein spennande måte med kompetansepolitikk. Dette er eit utruleg interessant prosjekt som gir oss kunnskap og inspirasjon, sa Monica Mæland, kommunal- og moderniseringsminister, på sitt besøk til Kompetanseforum Hordaland i dag.

Hordaland fylkeskommune leiar arbeidet i kompetanseforumet der toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket er medlem. Saman har dei inngått eit forpliktande samarbeid for å løyse utfordringar som gjeld kompetanse og arbeidskraft.

Mæland sa at sjølv om oljekrisa no ligg bak oss, må vi heile tida ha fokus på å skape nye arbeidsplassar og utvikle den rette kompetansen.

– Å skape møteplassar der aktørane med beslutningsmynde er representert er svært viktig. I Kompetanseforum Hordaland sit folk som kjenner kvarandre, som jobbar godt saman og kan finne nye måtar å jobbe på. Dette er avgjerande for å lukkast , seier Mæland.

Regionalt ansvar

– Vi er veldig glade for at regjeringa har sett kompetansepolitikken høgt på dagsorden og at fylkeskommunane har fått eit regionalt ansvar for dette arbeidet, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun i sitt velkomstinnlegg.

Ho viste til den nasjonale kompetansestrategien som blei vedtatt i februar 2017. Den presiserer at fylkeskommunane sitt kompetansepolitiske ansvar og samordningsrolle skal styrkast og at det skal leggjast betre til rette for regionalt samarbeid mellom ulike kompetanseaktørar.

Strategisk samarbeid

Kompetanseforum Hordaland jobbar strategisk og samordnar det kompetansepolitiske arbeidet i Hordaland. Når det vert avdekka bransjespesifikke behov eller kompetansebehov i regionane, skal forumet jobbe for å løyse desse utfordringane. Dette kan for eksempel vere og utvikle nye utdanningstilbod innanfor område med stort kompetansebehov.

Ministerbesøket fann stad hos sjømatklynga NCE Seafood på Marineholmen, som er ein sentral aktør i kompetansearbeidet i fylket. Mæland fekk høyre representantar frå kompetansesamarbeidet i fylket – mellom anna Tanja Hoel, dagleg leiar ved NCE Seafood Innovation Cluster og rektor ved Universitetet i Bergen Dag Rune Olsen. Dei fortalte om sitt samarbeid for å lage ei ny sivilingeniørutdanning innan havbruk – eit eksempel på eit vellukka tiltak.

Forumet skal gjere partane betre i stand til å utføre oppgåvene dei har på kompetansefeltet. Samarbeidet omfattar både dei som tilbyr og dei som etterspør kompetanse og arbeidskraft – det vil seie utdanningsaktørar, næringsliv og kommunar, men også statlige regionale aktørar som har verkemidlar på feltet.

Ministerbesøk_Mæland_kompetanseforum_hordaland.jpg

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (t.h.) var vertskap då Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland besøkte Kompetanseforum Hordaland i dag.

Langt framme i Hordaland

Etableringa av Kompetanseforum Hordaland er ei oppfølging av at fylkestinget vedtok Regional plan for kompetanse og arbeidskraft hausten 2017. Hordaland fylkeskommune har kome langt i sitt kompetansepolitiske arbeidet, samanlikna med andre fylkeskommunar.

Hordaland fylkeskommune har mellom anna leia det nasjonale pilotprosjektet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av kompetanse i regionale arbeidsmarkeder». Dette var gjort på oppdrag frå Kommunal og moderniseringsdepartementet og kunnskapsdepartementet.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Atle Simonsen, takka Hordaland for dette arbeidet. Han omtalte Hordaland fylkeskommune som eit føregangsfylke innan kompetansepolitikk og såg fram til resultatet av dette arbeidet.

Fakta: Kompetanseforum Hordaland

  • Kompetanseforum Hordaland samarbeider om å løyse utfordringar som gjeld kompetanse og arbeidskraft i fylket.
  • Hordaland fylkeskommune ved fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, og fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal, skal leie og koordinere arbeidet i forumet som skal ha faste møte.
  • Toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket er representert i forumet som har 12 medlemmar.

Medlemmar i Kompetanseforum Hordaland:

  • Bergen kommune
  • Helse Vest
  • Hordaland fylkeskommune ved Opplæringsavdelinga og Regionalavdelinga.
  • Høgskulen på Vestlandet
  • LO
  • NAV
  • NHO
  • Norges Handelshøyskole
  • Universitetet i Bergen