Turistane skal reise som dei lokale

Fylkesutvalet har gått inn for prosjektet «Travel like the locals» saman med Sogn og Fjordane. Prosjektet skal leggje til rette for rundturar med kollektivtransport for tilreisande turistar, helst før turistsesongen 2019.

Det har lenge vore eit sterkt ønskje frå reiselivsnæringa at kollektivtrafikken kan bli betre tilpassa tilreisande gjester. Samstundes er det gode miljø- og klimamessige grunnar for at fleire skal velje anna transport enn eigen bil.

Attraktive rundturar

Prosjektet er basert på å identifisere attraktive rundturar og tilby enkeltbillett som dekker heile reisa. Modellen er allereie utvikla og gjennomført med godt resultat i Møre og Romsdal, og prosjektet skal byggje på den erfaringa.

Det er ønskjeleg at arbeidet kan starte hausten 2018, slik at produktet kan vere tilgjengeleg for sal til turistsesongen 2019. Turistane reiser på tvers av fylkesgrensene, og fylkesutvalet går inn for at arbeidet må legge til rette for at ein på sikt kan få eit tilbod på tvers av fylkesgrensene.

Kartlegge ledig kapasitet

For å kunne starte opp til turistsesongen 2019 må det gjerast ein jobb for å kartlegge ledig kapasitet på eksisterande kollektivnett i Hordaland og setje opp ei løysing som gjer det mogleg å tilby ein gjennomgåande billett for rundreise, basert på eksisterande takstar.

Hordaland fylkeskommune løyver inntil kr 300 000 til arbeidet.