Trikset seg til 30 000 kroner

Alexander Andersen (20 år) frå Sotra fekk onsdag Hordaland fylkeskommune sitt stipend for gateaktivitet, for sine ferdigheitar innan  treningsdisiplinen tricking. Det er ein kombinasjon av kampsport og turn.

Andersen fekk stipendet på 30 000 kr under Hordaland fylkesting på onsdag, av fylkespolitikar Beate Husa. Vinnaren kunne sjølv ikkje møte opp på fylkestinget, så prisen blei motteke av reservemamma Sandra Scharffscher.

gateaktivitet.jpg

Beate Husa, leiar av utval for kultur, idertt og regional utvikling og Sandra Scharffscher, som tok i mot utmerkinga på vegne av Alexander Andersen.

Grunngjevninga for at det var nettopp Andersen som fekk stipendet er at han har vist svært gode ferdigheter og kreativitet i sin disiplin. I tillegg deler han aktiviteten ved å vere trenar for andre unge.

Han blei svært glad for stipendet, og har planen klar for kva han skal bruke premien til.

- Eg ønskjer å bruke pengene til å dra til ulike trickingmiljø i verda for å hente inspirasjon for å bli den beste, seier 20-åringen. 

Turn møter breakdance

Tricking, eller triksing, er ein treningsdisiplin som kombinerer spark frå kampsport med saltoar og andre element frå turn og breakdance. Tricking er ein relativt ny sport som er ei blanding av hovudsakleg kampsport og turn. Allereie 22. desember dreg han til uoffisiell EM i tricking i Amsterdam, og på fylkestinget blei det vist video av nye triks som han skal framføre i meisterskapet.

Sjå Alexander Andersen i aksjon i denne videoen:

Andre gong

Tildelinga er gjort i samråd med ein jury samansett av representantar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, utøvarar, ungdomspolitikarar og Olympiatoppen Vest og vedteke i utval for kultur, idrett og regional utvikling.

Stipendet for gateaktivitet blei delt ut for første gong i fjor, då freestylegruppa Bergen Style Bombers vann. Stipendet kan berre vinnast ein gong. I år var det fem søkarar.