Trappar opp ordninga med skulefrukost

Det er stor interesse for ordninga med skulefrukost, og fleire skular søkjer om støtte til ordninga. Alle dei 33 skulane som søkte, får støtte.

Fylkestinget vedtok i desember 2017 å setje av 2,5 mill. kroner til opptrapping av ordninga med skulefrukost. I 2018 er det sett av kr 6 500 000 til formålet. 

Auka forståing for tiltaket

Eit organisert og sunt frukosttilbod før skulen byrjar er helsefremjande. I tillegg vil elevane samlast på ein arena som bør ha som mål å vere både sosial og inkluderande, og som på sikt kan bidra til å redusere sosiale forskjellar i helse. At talet på søknader har auka frå i fjor, vitnar om stor interesse for eit frukosttilbod, og auka forståing for at tiltaket har noko å seie for det fysiske og psykiske læringsmiljøet til elevane.

Råvarer

Midlane som blir fordelt på skulane, skal gå til råvarene dei treng til frukosten, ikkje til løn i samband med gjennomføring av ordninga.

For å kunne ha oversikt over korleis skulane disponerer midlane, pliktar dei å sende inn ein rapport med frist 15.12.2018, om organisering, økonomi og deltaking. Rapporten skal sendast opplæringsavdelinga.