Temaplan for landbruk ut på høyring

Temaplan for landbruk i Hordaland 2018-2022 er ein ny plan som skal bidra til å sikre ei berekraftig utvikling av landbruket i Hordaland. Hordaland fylkeskommune inviterer no kommunar og relevante organisasjonar i næringa til å komme med innspel før planen skal opp til endeleg politisk behandling.

Hordaland fylkeskommune har hatt landbruk som eit av sine forvaltningsoppdrag sidan 2010. Arbeidet inneber å sjå landbruket som ein del av samfunnsoppdraget innan kompetanseutvikling og næringsutvikling. Temaplanen for landbruk er resultat av eit revisjonsarbeid der to ulike styringsdokument er slått saman til eitt. Den nye planen skal gi retninga for landbruket i Hordaland dei neste fem åra.

Temaplanen har tre hovudmål. Desse handlar om å styrke lønnsemda, auke produksjonen på lokale ressursar og å betre rekrutteringa.

Ta vare på jordressursane

Planen viser at fylket må ta vare på jordressursane for å nå desse måla. Dette inneber å redusere nedbygginga av jordbruksareal. Planen skal mellom anna stimulere til auka verdiskaping i verdikjeda for frukt og bær, og auke i berekraftig produksjon av mjølk og kjøt. Den skal også bidra til å auke berekraftig uttak av biomasse frå skog og auka bruk av trevirke.

Klimaendringar

Jordbruket er ei av næringane som vil bli mest påverka av klimaendringane. Det er viktig å sikre matproduksjon på lokale ressursar sjølv med endra klima. Temaplanen for landbruk skal støtte opp om forsking og utvikling for å få fram ny kunnskap, driftsmetodikk og digitale løysingar som er tilpassa produksjonar og driftstilhøve i Hordaland.

Kjernen i kompetansen i landbruket er naturbruksutdanninga på dei vidaregåande skulane. Ettersom det er for få elevar som tek produksjonsretta naturbruksutdanning, har planen eit særleg fokus på rekruttering. Å sikre rett kompetanse er viktig for å sikre miljøvennleg og lønnsam gardsdrift.

Høyringsfrist 1. mai

Fylkestinget vedtok den 7. mars at Temaplanen skulle sendast ut på høyring. Alle kommunar, relevante organisasjonar i næringa og andre interesserte er velkomen til å komme med innspel. Høyringsfristen er 1. mai. Planen skal opp til endeleg politisk behandling i fylkesutvalet og fylkestinget i juni.