Teknikk og industriell produksjon er vinnarfaget

– Vi har størst prosentvis auke til teknikk og industriell produksjon (TIP), seier inntaksleiar Nils Skavhellen etter at det første inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland er klart.

70 fleire elevar enn i fjor har søkt TIP. Dette er ein auke på 10,6 prosent frå i fjor.

– Nedgangen i oljerelatert industri førte til nedgang i 2014 og 2015. I 2016 flata det ut og vi fekk auke i fjor. No ser det ut til at dei gode tidene er tilbake. Dei som starta på TIP for to år sidan kan no gå ut i ettertrakta læreplassar, seier Skavhellen. 

Studiespesialisering aukar 

Den andre studieretninga som opplever fin auke er studiespesialisering med 114 fleire søkjarar enn i fjor.

– Det er spesielt i Bergen sør, gamle Fana kommune, vi opplever auke i søknaden til studiespesialisering. Vi har difor oppretta ein ekstra klasse på Nordahl Grieg videregående skole og på Sandsli videregående skole. Eigentleg er auken i søknaden i Bergen meir enn desse 114, fordi vi har nedgang elles i fylket, seier Skavhellen. 

Eit anna trekk i søknaden er at Fana-elevar er meir tru mot skulane i nærmiljøet enn elles i Bergen.

– Vi ser at prosentvis føretrekkjer elevar frå gamle Fana kommune å gå på offentleg skule i nærleiken, mens elevar frå Åsane og Bergen vest, heller føretrekkjer private skular, seier Skavhellen. 

Størst nedgang opplever elektrofag med 61 færre og media og kommunikasjon med 54.

Fleire minoritetsspråklege elevar 

Totalt har 18 325 elevar søkt plass i den offentlege vidaregåande skulen i Hordaland. Dette er om lag det same som i fjor. I Bergensområdet har talet gått noko opp fordi det kom mange minoritetsspråklege elevar til Noreg i 2015-2016 som no startar vidaregåande utdanning. 

Hordaland fylkeskommune har plass til 17 148 elevar komande skuleår. 17 267 elevar har rett til skuleplass, såkalla ungdomsrett. 

Mange på venteliste 

Ved dette førsteinntaket ein del søkjarar som vil bli skuffa over at dei ikkje har fått plass ved den skulen eller ved det utdanningsprogrammet dei har søkt. Mange har og fått melding om at dei står på venteliste til alle ønskja sine.  Dette vil endre seg mykje ved andreinntaket måndag 30. juli, og enno meir ved tredjeinntaket onsdag 8. august. 

Særleg vil det bli store endringar for mange som har søkt vg1 studiespesialiserande program.  Her er det likevel generelt gode sjansar for inntak, sjølv om ein har fått eit høgt ventelistenummer ved 1. inntaksomgang.  Det er såleis ikkje uvanleg at sjølv om du er på ventelisteplass over 100 ved 1. inntaksomgang så får du tilbod om plass ved 2. inntaksomgang.  Årsaka er at mange søkjarar alt har teke imot plass ved private vidaregåande skular, og difor trekkjer seg frå plassen dei har fått tildelt til dei offentlege skulane, eller trekkjer seg frå ventelista. 

Må svare på vigo

Det viktigaste no er at søkjarane går inn på vigo.no og svarar på om dei tek imot tilbod om plass, og/eller om dei framleis vil stå på venteliste.  Dersom du ikkje har svart når svarfristen går ut, mister du plassen utan nærare varsel. 

Ein del søkjarar «gidd» ikkje svare fordi dei ser at dei uansett blir strokne frå listene etter 25. juli. Til dei er det å seie at det alltid er til det beste å svare, då unngår ein mistydingar. 

Inntakskontoret svarar på spørsmål 

Dei tilsette ved inntakskontoret til Hordaland fylkeskommune er elles budd på å svare på spørsmål både på telefon og e-post dei neste vekene.

– Vi har sjølvsagt ope kvar dag i heile sommar. Elles finn du informasjon på hordaland.no, og særleg aktuell kan «Inntakskalenderen 2018» med viktige datoar vere til nytte for mange. Denne finn du også på hordaland.no, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.

Oversyn over søkjartal til utdanningsprogram og skular (pdf)