Tek doktorgrad på omsorgssvikt

Omsorgssvikt og korleis offentleg tannhelsepersonell kan avdekke dette er bakgrunn for doktorgradsavhandlinga til Ingfrid Vaksdal Brattabø. Ho er forskar ved Tannhelsetenesta kompetansesenter vest/Hordaland (TKVest).

Fredag 27. april disputerer ho for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. 

– Eg vonar at funna i studiet vil bidra til å auka kunnskap om utsette barn og rolla til tannhelsepersonell og at temaet blir meir kjent, både i tannhelsetenestene og i utdanningsinstitusjonane, seier Vaksdal Brattabø. 

Omsorgssvikt av barn og unge er eit alvorleg samfunnsproblem då det ofte medfører alvorlege og vedvarande konsekvensar for dei utsette barna. For å hindre og redusere konsekvensane av omsorgssvikt, er førebygging, tidleg avdekking og tverrfagleg samarbeid mellom tenester viktig. 

Meldeplikt 

Avhandlinga syner at offentleg tannhelsepersonell i Noreg er i posisjon til å avdekke ulike former for omsorgssvikt. Samstundes viser den at meldeplikta til tannhelsepersonell og tilbakemeldingsplikta frå barnevernet til offentleg meldar ikkje alltid blir utøvd i tråd med intensjonen i helsepersonellova og barnevernlova. 

Studiet omfattar ei nasjonal spørjeundersøking hos 1200 offentlege tannlegar og tannpleiarar i Noreg. Den viser at 60 prosent har sendt ein eller fleire bekymringsmeldingar til barnevernet i løpet av karrieren. Samstundes har heile 33 prosent unnlate å sende bekymringsmelding ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt ein eller fleire gongar. Det meste av meldingane omhandlar uro for tannhelsa til barnet.

– Eg håpar at samarbeidet mellom barnevernstenesta og tannhelsetenesta blir styrka og at styresmaktene ser verdien av dette. Mykje tyder på at eit tettare samarbeid vil komme både utsette barn og tenestene til gode, seier Vaksdal Brattabø. 

God døme 

Fylkestannlege Arne Åsan seier at dette doktorarbeidet er eit godt døme på forsking som vidareutviklar kompetansen på området. 

– Arbeidet viser kor viktig det er med god samhandling mellom tannhelsetenesta og barnevernet. Tannhelsetenesta har ei viktig oppgåve med å sikre gode og trygge levevilkår for alle barn og unge, seier fylkestannlegen. 

Postdoktor 

Ingfrid Vaksdal Brattabø startar no i ei postdoktorstilling ved TKVest, og får halde fram med forsking og jobbe med fantastiske kollegaer.

– Tilknytinga til TKVest, Hordaland har hatt mykje å seie for doktorgradsarbeidet. Det å få vere ein del av det gode fagmiljøet med både forskarar og klinikarar med spesialkompetanse på ulike felt, har bidrege til gode faglege diskusjonar, viktige innspel og ikkje minst nærleik til fagfeltet. Dette i kombinasjon med samarbeid med HEMIL-senteret ved UIB har bidrege til ei god tverrfagleg tilnærming, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø. 

Avhandlinga heiter: «Detection of child maltreatment, the role of dental health personnel. – A national cross-sectional study among public dental health personnel in Norway.»