Suksess-sjokolade frå Bergen

– Det har vore ein suksess. Eg lagar den beste sjokoladen, seier Paul Evers, belgiar i Bergen som lagar sjokolade av råstoff frå Brüssel og Vestlandet. Med hjelp av etablerersenteret til Hordaland fylkeskommune har han starta eiga bedrift.

– Eg er småskalaprodusent og leverer kvalitetssjokolade til hotell, kafear og restaurantar. Salet har gått betre enn venta. Det er så mange som ringer meg at eg har slutta å reklamere. Eg kan snart leve av dette, seier Paul Evers. 

Smak av Vestlandet 

I to år har Evers budd i Bergen, men har vore 20 år i Noreg.

– Eg har vore fysioterapeut, rådmann i ein kommune i Finnmark, jobba innan politikk og helse, men no vil eg lage belgisk sjokolade med smak av Vestlandet. 

Paul Evers er oppvaksen i Brussel og kjøper råstoff til sjokolade derfrå.

– Men eg gjer ikkje slik som mange andre som brukar appelsin og sitron som smakstilsetting. Nei, eg lagar min eigen sjokolade med lokale ingrediensar frå Vestlandet som algar, persille, fryste bringebær, multar, blåmuggost, etc., seier Paul Evers. 

Chocolatier Paul Evers er firmanamnet hans

Kulinarisk bergenstur 

Ein annan som har fått hjelp av etablerersenteret til Hordaland fylkeskommune til å kome i gang er Cheyanne Smart. Ho kom frå Canada til Bergen for fem år sidan og har brukt dei to siste åra på å utvikle eit heilt nytt konsept, nemleg å guide folk gjennom ein kulinarisk bergenstur med god mat og drikke og historia rundt. 

– Det har vore vanskeleg for meg å få jobb i Noreg. Dei fem åra eg har vore her, har eg ikkje fått ein einaste heiltidsjobb. Det å få jobb, vart ein kamp for meg, men no er eg der. Eg fekk ideen om å utvikle ein kulinarisk rundtur i Bergen. Rundturen går til seks restaurantar. Vi smakar på lokale mattradisjonar og lærer om kulturen i Bergen. Eg har lært meg byen og historia, seier Cheyanne Smart. 

Meir populært enn eg venta

I mai i fjor starta ho med dei første rundturane.

– Dette har vore meir populært enn eg hadde venta. Eg har satsa på turistar. Sesongen er frå mai til september, men dette kan eg drive med heile året. No kan eg leve av dette. Eg hadde 300 personar på rundturane i fjor. I år trur eg talet kan doblast eller tredoblast, seier Cheyanne Smart som har firmaet Bergen Food Tours.

Meir om Bergen Food Tours 

Satsar på bitcoin 

Jon Jon Towles kom frå New York til Bergen for fire-fem år sidan. Han og har slite med å få seg jobb.

– Det har ikkje vore lett å få noko å gjere på. Eg har gjort mange ulike ting, laga mat, vore skodespelar, selt sko og klær. Eg har butikk på nett. Eg har vore produsent for ein pilot til eit tv-show. Den ligg på nett. No held eg på med å produsere ein animasjonsfilm. Men det eg tener pengar på, er bitcoin. Eg ønskjer å opprette ein norsk nettstad for kjøp og sal av bitcoin, seier Towles.

Meir om Jon Jon Towles 

Vil hjelpe heimlandet 

Frå Liberia i Vest-Afrika kom Jusu Gyflan som flyktning til Noreg for 14 år sidan.

– Eg kom frå eit land i krig og har fått utdanning her. Eg har gått på vidaregåande skule, vore lærling og teke fagbrev som helsefagarbeidar. No jobbar eg i Austrheim kommune. 

Jusu Gyflan har sett i gong to prosjekt.

– Eg vaks opp i fattigdom og opplevde krigen i Liberia. Det er mange der som har det slik eg hadde det. Eg  har tenkt på korleis eg kan hjelpe dei. I 2012 starta eg organisasjonen «Giving hope to a child». Gjennom den samlar eg inn pengar slik at fattige barn i heimlandet skal få gå på skule. No får 120 barn utdanning. 

Bygge opp landet

Det andre prosjektet hans går på å bygge opp landet etter krigen.

– Det er stor arbeidsløyse og fattigdom i Liberia. Folk treng jobb. Eg vil organisere bygging av hus, vegar, skular og bruer slik at dei som bur der, får jobb. Forretningsplanen min er klar, og bedrifta er registrert i Liberia. No er eg på jakt etter norske investorar, slik at vi kan kjøpe maskinar og utstyr, seier Jusu Gyflan.

Meir om Jusu Gyflan

Meir om Giving hope to a child

60 har fått hjelp til å kome i gang 

Alle desse fire har fått hjelp av etablerersenteret til Hordaland fylkeskommune med å kome i gang.

– Dei to siste år har vi kursa 60 deltakarar frå heile Hordaland med internasjonal bakgrunn. Dei har gått på kurset Business Factory som er spesielt tilrettelagt for denne målgruppa, seier June Kristiansen, prosjektleiar ved etablerersenteret.