Stor oppslutning på inkluderingsdugnad

Studentsenteret var fullstappa då jobbsøkjande flyktningar, næringsliv, offentlige instansar og frivillige organisasjonar møttes til inkluderingsdugnaden «Give a job». Hordaland fylkeskommune bidrog òg på arrangementet som skal hjelpe flyktningar ut i arbeidsmarknaden.

– Vi er i dei fleste sektorar og ulike arbeidsplassar avhengig av arbeidskraft som kjem frå innvandring, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, då ho opna arrangementet. Ho oppmoda deltakarane til sjølv å ta initiativ og tenke breitt og delta på mange arenaar for å bli sett og bygge nettverk.

Ein unytta ressurs

Grunnleggjar av Give a job-konseptet er den tidlegare palestinske flyktningen Aiman Shaqura. Han har lukkast som forretningsmann i det norske arbeidslivet og ønskjer no å gi noko tilbake til samfunnet ved å hjelpe flyktningane som kjem til Norge.

Give a job har til hensikt å skape fleire sosiale koplingar og jobbintervju. Arrangementet skal gi meir openheit og inkludering, samtidig som det rettar merksemda mot innvandrarar som ein unytta ressurs i samfunnet. Ønsket er å inspirere både arbeidssøkjarar og næringslivet til å tenke annleis. På programmet stod mellom anna suksesshistoriar frå flyktningar som har fått jobb og frå bedrifter som har tilsett flyktningar.

Utradisjonelt

– Give a job er eit utradisjonelt og spennande arrangement med eit fabelaktig formål. Å skape møteplassar som dette er eit positivt bidrag til å skape høgare sysselsetting og eit meir inkluderande samfunn, seier næringssjef i Hordaland fylkeskommune Mette Nora Sætre.

Give a job har til no vore arrangert på elleve ulike stader i landet, inkludert Bergen. Til saman har om lag 5000 personar deltatt på arrangementa.

Hordaland fylkeskomune har bidrege med tilskotsmidlar til Give a job og delteke i planlegginga av arrangementet saman med Bergen kommune, NAV, Universitetet i Bergen og Bergen næringsråd. På messeområdet på Studentsenteret var fylkekommunen dessutan representert med stand frå Etablerersenteret.