Stolt av ny skule på Voss

– Det er ingen tvil om at skulestaden Voss er blitt godt utbygd. Det er vi stolte av, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho 7. september offisielt opna Voss gymnas. Det nye gymnaset er på 19 000 kvadratmeter, har 571 elevar og 120 tilsette og har kosta ein halv milliard kroner.

Voss gymnas var det første offentlege landsgymnas i landet ved opninga i 1916.
– Eg lurer på kva dei hadde tenkt på for 102 år sidan når dei ser kor fint arven er forvalta. Eg blir rørt når eg kjem hit. Tradisjon og identitet har mykje å seie. Voss landsgymnas var eit varemerke. Det viktigaste med skulen er at ungdomen skal få eit godt utgangspunkt for læring. Difor er det avgjerande at vi kan utvikle og fornye oss, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

VossN1000B2955.jpg

Voss gymnas har lange tradisjonar som det første landsgymnas i landet frå 1916. Jugendbygningen frå 1919 (t.v.) er totalt rehabilitert og den nye skulebygningen (t.h.) er intergrert i den gamle bygningen.

Lange tradisjonar på Skulehaugen

Det nye gymnaset er plassert på Skulehaugen på Voss tett inn til det store idrettsanlegget. Jugendbygningen på 6000 kvadratmeter frå 1919 er restaurert og modernisert. I tillegg har gymnaset fått eit nybygg på 13 000 kvadratmeter, inkludert ein stor idrettshall på 1600 kvadratmeter som via ein gladiatorgang fører rett ut til det store utandørs idrettsanlegget på Voss.

– Voss har fått ein skule å vere stolt av. Bygda har svært lange og stolte tradisjonar, sa eigedomssjef Jostein Fjærestad i Hordaland fylkeskommune.

VossN1000B2849.jpg

På første benk under opninga: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og ordførar Hans Erik Ringkjøb. T.v: rektor Unn Fauskanger og fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim.

Det første i Noreg 

Med denne opninga har Voss fått to nye og moderne vidaregåande skular. Skulesamanslåinga frå fem til to skular er fullført. Voss vidaregåande skule vart opna for eitt år sidan på Skulestadmo. 

Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim, trekte linene langt tilbake.

– Voss offentlege landsgymnas var det første landsgymnas i landet. Det rekrutterte ikkje berre frå Voss, men frå heile landet. Det er ein del av den norske skulehistoria og har sett spor etter seg. Den gamle og nye bygningen er fint sett saman. Her er samanheng og harmoni, sa Heggheim.

VossN1000B2877.jpg

Frå idrettshallen til det store idrettsanlegget utandørs går det ein gladiatorgang. Kunstverka på veggen er inspirert av sverda gladiatorane fekk i premie når dei hadde vunne fridomen sin.

Rektor Unn Fauskanger er godt nøgd.
– Vi er glade for at vi har eit breitt tilbod både til ungdom og vaksne. Eg talde 571 elevar i går, og på vaksenopplæringa har vi åtte klassar og 160 vaksne. Vi er blitt eit skulesenter med ny praktbygning og ein fullmodernisert jugendbygning. Dei historiske tradisjonane er tekne vare på. Skal eg tore å seie at dette er den flottaste skulen i Hordaland, sa rektor Fauskanger.

VossN1000B2906.jpg

Tidlegare opplæringsdirektør i Hordaland, Inger Tønder, var med i arbeidet med den store skuleutbygginga på Voss, og er glad for at detaljar som dei gamle trappane i Jugendbygningen frå 1919 er restaurert og tekne vare på.

Eit eldorado for utdanning

Ordførar Hans Erik Ringkjøb meiner Voss gymnas er ein skule som har alt.
– Det var aldri snakk om å rive gamlehuset. Den ruvande Jugendbygningen som i snart 100 år har vore sjefen på Skulehaugen, har fått ein yngre bror. Dei er sydd saman på beste måte. Vi har fått ei glimrande arkitektonisk løysing. Nye fag, fleire elevar, fleire tilsette og fleire studieretningar. Voss gymnas er blitt ein moderne skule for framtida og eit eldorado for utdanning. Vi har teke sjumilssteg framover takka vere gode politiske vedtak og stor lokal innsats, sa ordføraren på Voss.

VossN1000B2872.jpg

– Elevane trivast på Voss gymnas. Vi har godt elevdemokrati. Alle elevar skal bli høyrde, seier Solveig Brunvoll (t.v.) og Signe Gjeraker i elevrådet.

Ny identitet 

Solveig Brunvoll og Signe Gjeraker er med i elevrådet ved Voss gymnas.
– Vi har fått ein kjempefin skule. Det er ei glede å kome hit kvar morgon. Vi har fått ny identitet. Vi er blitt større og fått fleire elevar. No skal vi bygge ny identitet og fellesskap. Toleranse og inkludering står sterkt. Dette er ein skule der elevane skal trivast. Vi har godt elevdemokrati. Alle elevar skal bli høyrde, sa Solveig Brunvoll og Signe Gjeraker i elevrådet.

VossN1000B2853.jpg

Elevane Silje Stråtveit (piano) og Julie Røssland (saksofon) på vg3 ved musikklina underheldt på den offisielle opninga.

Verdsrekord i skulebygging

Rektor Svein Inge Styve helsa frå Voss vidaregåande skule og dei andre skulane i regionen.

– No har vi fått endå eit nytt flaggskip. Hordaland fylkeskommune har gjennomført ein dramatisk, men epokegjerande skulerevolusjon på Voss ved å redusere frå fem til to vidaregåande skular. Men det mest oppsiktsvekkande er summen på 1,1 milliard kroner. Her på Voss er vi opptekne av OL- og verdsrekordar. Om skulebygging hadde vore ein idrettsgrein, hadde dette vore ny verdsrekord i skulebygging i ei bygd med under 15 000 innbyggarar. Dette er ei kunnskapsgåve til elevane og  framtidige generasjonar med elevar på Voss, sa rektor Svein Inge Styve.

VossN1000B2866.jpg

Desse tre elevane fekk fart i forsamlinga: Ole Haug (bass), Sivert Kleiven (trommer) og Arthur Vigardli (gitar).

Mange fag og studieretningar

Voss gymnas tilbyr mange ulike fag og studieretningar: Design og handverk (med val mellom frisør og blomsterdekoratør på vg2), helse- og oppvekstfag, idrettsfag (inkludert toppidrettsfag vinteridrett), kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama, service og samferdsel, studiespesialisering, påbygging til studiekompetanse, innføringskurs for minoritetsspråklege og vaksenopplæring (mellom anna treårig utdanning i gartnarfaget på deltid, helse- og oppvekstfag, studiekompetansefag, og fag innan teknikk og industriell produksjon).

Voss gymnas har og ein vg2 klasse på studiespesialisering i Normandie i Frankrike der alle elevar i Hordaland kan søkje.