Stem på ditt favorittfylkesvåpen

Kva for fylkesvåpen liker du best? No opnar nettavstemminga der også fagjuryen har valt sine beste av dei totalt 667 forslaga. Dei 18 siste forslaga skal innan neste veke bli til ein folkefavoritt.

No er det din tur til å seie di meining om kva for eit fylkesvåpen Vestland skal ha! Fram til torsdag 30. august kan du stemme på din favoritt! Dei 18 forslaga er er dei fylkesvåpna som både en fagjury og ein folkejury likte best av dei 667 forslaga som er komme inn frå publikum.  

At det berre er 18 forslag å stemme på, og ikkje 20, betyr at to av forslaga var på lista hos både fag- og folkejuryen.

Reglene for avstemminga

  • Det er éin stemme pr. mobilnummer
  • Vi ber om mobilnummer for at ikkje nokon skal stemme mange gongar
  • Det er gratis å stemme
  • Avstemminga er anonym, vi kan ikkje sjå kva du har stemt på
  • Alle som stemmer blir med i trekninga av fem universalgåvekort à 500 kr

Du kan stemme fram til torsdag 30. august kl. 12.00.

Personen som har utforma forslaget som får flest stemmer vil få 25 000 kroner i premie. Dei andre finalistane får 2000 kr kvar.

Endeleg avgjerd i fylkestinget

Dette er ikkje ein avstemming av det endelege fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Folkefavoritten vert, saman med tre forslag frå fagkomiteen, tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen. Dei står etter reglene fritt til å designe noko nytt, bruke forslaga som inspirasjon, eller bruke eit forslag i sin heilhet.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen gjere ei vurdering av alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

18 fylkesvåpen å stemme på.jpg

Finalistfylkevåpena er teikna av:

  • Ola Henning Målsnes
  • Øyvind Andersson
  • Brage Dybwad
  • Brede Taraldset
  • Jessica Ella Smith
  • Gaute Knapstad
  • Jorunn Andreassen (to stk)
  • Anita Johannessen
  • Helge Oskar Alsos
  • Per Flatøy
  • Even Jarl Skoglund
  • Jens Drageset
  • Vilde Heggland
  • Rebecka Fedøy Randal
  • Ragnar Vikøren
  • Peter Ernst Wilhelm David Hanssen
  • Frank Halhjem