Som femstjerners middag kvar dag

– Det er god stemning her. Vi har fått det svært flott og fancy. Det er som om vi får ein femstjerners middag kvar dag, seier elevar ved den utvida Tertnes vidaregåande skule i Åsane.

Den nye vidaregåande skulen er blitt meir enn dobbelt så stor som den gamle. Den gamle og nye bygningen er elegant bygd saman. Og tidlegare U. Pihl videregående skole er blitt ein del av den nye skulen.

– Overgangen mellom det gamle og det nye med bibliotek og kantine dannar eit fint samlingsrom. Dette er blitt hjartet i skulen der vi legg til rette for aktivitet og sosialt samvær som skal gje grobotn for godt elevmiljø, seier rektor Line Skage.

TertnesBIMG_3203.jpg

– Vi er svært nøgde med den nye skulen, seier Mattias Gripsgård Sakstad (f.v.), Karoline Sachse, Helena Olsen, Manmeet Kaur, Marikken V. Karstensen og Helge Hitland.

Godt skulemiljø

– Vi er så heldige at vi har fått ein heilt ny skule. Her er flotte fasilitetar for både idrett, realfag, mange valfag og ny flott kantine. Vi må vere flinke til å nytte alt dette nye. Vi er glade for at vi får samla studiespesialisering, idrett og service på ein ny storskule i Åsane. Dette skapar godt skulemiljø, både sosialt og læremessig, seier leiar av elevrådet, Mattias Gripsgård Sagstad. 

– Her er det veldig flott og nytt, og veldig fancy. Vi er svært nøgde med den nye skulen. Kantinen er eit pluss-pluss i seg sjølv. Vi har godt miljø og gode høve for læring. Det følast som om vi får ein femstjerners middag kvar dag, seier elevane Karoline Sachse, Helena Olsen, Manmeet Kaur, Marikken Vendela Karstensen og Helge Hitland, som alle er med i elevrådet.

TertnesBIMG_3156.jpg

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (f.v.), rektor Line Skage og fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, deltok på opninga. 

Likestillingshistorie 

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opna offisielt den nye storskulen og opplevde noko ho aldri før har opplevd.

– Dette er første gongen eg opplever at alle elevane på skulen er med på opninga. Eg set pris på alle ungdommane som skal utvikle seg. Dette er rørande. Eg er kjempestolt. Tusen takk til alle elevane som stiller opp.

Hestetun nemnde den historiske bakgrunnen for den nye skulen.

– U. Pihl er blitt ein del av den nye skulen. Den gong var det ikkje sjølvsagt at jenter skulle gå på skule. Dette er utruleg viktig likestillingshistorie. Eg er oppteken av fellesskulen som hovudarena for samfunnsutvikling. Vi skal ha plass til alle utan omsyn til opphav eller pengane til foreldra. Vi klarar oss godt. Det blir folk av oss, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

TertnesBIMG_3178.jpg

Hendene opp for dei 735 elevane som deltok under opninga av den utvida Tertnes vidaregåande skule. 

Stor plan for Åsane

Fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, sa at Åsane har fått eit løft.

– Vi bygger ikkje berre på, litt, men vi har ein stor plan for heile bydelen. Dette er steg ein av dei to skulane vi skal ha her. Dette er ein skule som set Åsane på kartet. Dette kunne vi berre drøyme om for nokre år sidan. Det er fantastisk å sjå korleis det går an å bygge saman gamalt og nytt med glidane overgangar, sa fylkesdirektør Svein Heggheim.

TertnesBIMG_3187.jpg

Ingeborg Fosse (song) og Marius Høgseth (piano) var to av elevane som underheldt under opninga.

Best i Åsane

Line Skage er rektor på den utvida skulen.

– Vi har teke mål av oss å bli den beste skulen i Åsane på studiespesialisering. No er vi ikkje lenger konkurrentar. Vi har fått oppussa klasserom, idrettshall, treningsrom og nye, flotte realfagsrom. Vi har laga eit godt skulemiljø der læring står i fokus, sa rektor Skage.

Det har teke halvtanna år å bygge nye Tertnes vidaregåande skule. Prisen er 210 millionar kroner. Skulen har 735 elevar og 90 tilsette. Skulen starta som Åsane gymnas i 1972 på 3400 kvadratmeter. I 2007 skifta skulen namn til Tertnes videregående skole og vart utbygt til 5500 kvadratmeter. No er skulen vidare utbygt til 12 000 kvadratmeter og har skifta namn til Tertnes vidaregåande skule.

TertnesBIMG_3234.jpg

Tertnes vidaregåande skule er blitt meir enn dobbelt så stor med 12 000 kvadratmeter og inkluderer nedlagte U. Pihl videregående skole.