Skund deg å svare på folkehelseundersøkinga

Har du motteke invitasjon til å delta i den store folkehelsehelseundersøkinga i Hordaland, men enno ikkje svart? Då må du skunde deg å svare før 16. mai slik at synspunkta dine kjem med.

Korleis har du det og korleis ønskjer du at det skal vere i nærområdet ditt? Til no har kring 41% av dei totalt 70.000 inviterte til Folkehelseundersøkinga i Hordaland svara på slike spørsmål. Invitasjonane har kome på e-post og på sms frå Folkehelseinstituttet eller Helse Norge. Eit lite utval har i tillegg fått invitasjon til å delta via telefonintervju.

– Vi synest at hordalendingane har vore flinke til å svare og vi er takknemlege for alle svara som har kome inn. Når det er sagt, så ønskjer vi oss sjølvsagt endå fleire svar og spesielt frå dei unge som jo vert framtidas vaksne og eldre hordalendingar, seier Thomas Sevenius Nilsen, seniorrådgjevar og Folkehelseinstituttet sin prosjektleiar for undersøkinga.

Han synest også det er flott at hordalendingane er så flinke til å respondere digitalt ettersom dette er den første fylkesundersøkinga der både invitasjon og svar er digitale.

Saknar svar frå unge menn

I så måte skulle det også vere kort veg for dei unge mennene å svare, men svarprosenten til unge menn mellom 18-29 år ligg langt lågare enn for dei andre inviterte gruppene.

– Svarprosenten og fordelinga er nokså lik i heile fylket, men det er ein gjennomgåande tendens vi gjerne skulle endra, og det er svarprosenten frå unge menn. Den er mykje lågare enn for dei andre gruppene, men vi vil gjerne vite kva unge menn meiner. Dei må hugse på at vi i lag med kommunane bygger framtidas fylke og at forhold som påverkar folkehelsa nok kjem til å bli viktigare for dei etter kvart som dei vert eldre, seier Aina Haugsdal, prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune

Kva er folkehelse?

Ettersom folkehelseomgrepet er nokså nytt er det nokon som forvekslar ordet med helse, men det er ikkje eiga helse det er snakk om her. Folkehelse handlar om korleis det er der du bur, korleis det er å vekse opp der, korleis arbeidssituasjonen er, korleis du kjem til og frå jobb og korleis det er å eldast der du bur.
Er det til dømes nok nærbutikkar, kultur- og kollektivtilbod?

– Det er faktisk ein sosial ulikskap i helse, seier Aina Haugstad. Det er klåre samanhengar mellom kva for ressursar befolkninga har og kva for helse ho har. For å kunne setje i verk gode tiltak og riktige prioriteringar, treng vi kunnskap og dokumentasjon. Det er målet med denne undersøkinga, seier Aina Haugstad.

No håpar ho at hordalendingane brukar dei siste dagane fram mot 16. mai til å svare, slik at både fylkeskommunen og kommunane kan leggje endå betre til rette for god folkehelse i Hordaland.