Skal skape trygt og universelt nærmiljø

Korleis ser ein skule, eit nabolag eller ein arbeidsplass ut når det bidreg til god trivsel og helse for alle? Dette diskuterte fagfolk frå ulike sektorar på Stord då Hordaland fylkeskommune og Stord kommune inviterte til samling om universell utforming.

«UU i vest 2025» er eit prosjekt som skal koordinere arbeidet med universell utforming i fylket, både internt og i kommunane. I denne samanheng skal det arrangerast fagseminar om universell utforming i fleire kommunar. Prosjektet fekk i vår midlar til starthjelp av barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

– Eit av måla i den regionale planen for folkehelse er at Hordaland fylkeskommune skal vere universelt utforma innan 2025. «UU i vest 2025» skal etablere ein arbeidsstruktur i regionen for å oppfylle dette. Dette inneber å gjere arbeidet med universell utforming meir synleg i regionen, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Godt å bu heime

Eit sentralt spørsmål på samlinga i går var kva som må til for at alle kan være mest mogleg sjølvhjulpen, slik at det å velje fellesskap med andre er eit aktivt val - ikkje noko som blir gjort grunna eit behov for hjelp.

– Nedsett funksjonsevne kan ramme alle, og alle som opplev dette vil møte hindringar i kvardagen som gjer livet vanskelegare, seier Sigrid Næsheim Bjercke. Ho er seniorrådgjevar i Hordaland fylkeskommune og har eit spesielt ansvar for gjennomføringa av arbeidet.

– At vi startar på Stord er ikkje tilfeldig, legg ho til.

Stord har jobba godt med universell utforming i lang tid. Deira prosjekt «Godt å bu heime» handlar om korleis fleire kan ha ein bustad der dei kan bu uavhengig av livssituasjon. Prosjektet gir råd til både unge og eldre innbyggjarar.

– Eit grunnprinsipp for universell utforming er å utforme omgjevnader og produkt på ein måte som gjer at alle kan vere aktive og delta i samfunnet ut i frå den einskilde sine føresetnader, seier Bjercke.

Bygge nettverk

Målet med å arrangere seminar i kommunane er å heve kompetansen innan universell utforming. I tillegg er det med å bygge eit nettverk innan universell utforming på tvers av kommunegrenser og fagmiljø. Bjercke er svært nøgd med oppmøtet på Stord konferansesenter. Både planleggjarar, byggesakshandsamarar, politikarar, interesseorganisasjonar og bransjefolk innan bustadbygging og sentrumsutvikling var representerte. Deltakarane kom både frå Stord og andre kommunar i Sunnhordland.

UU_i_vest_.jpg

Eit viktig tema på seminaret på Stord var korleis universell utforming kan bidra til god helse og trivsel for alle . Illustrasjonsbiletet frå Søreide skole viser korleis fargar og ledelinjer gjer det mogleg å orientere seg for folk med nedsette funksjonsevner (Foto: Ingvild Nesse).