Skal leie internasjonalt prosjekt og bygge framtidig kompetanse

Hordaland fylkeskommune skal leie eit prosjekt med fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet. Prosjektet Right skills for the right future får 17 millionar kroner til å løyse utfordringar i framtidas arbeidsmarknad i næringar knytta til hav og  energi.

Prosjektsøknaden blei innvilga av EU sitt INTERREG Nordsjøprogram. Målet med prosjektet er å oppretthalde konkurransekrafta i næringslivet ved å utvikle kompetanse for framtidas arbeidsmarknad i dei blå næringane og energinæringane. Prosjektmidlane skal fordelast til prosjekt hos partnarorganisasjonane i dei ulike landa. Av dei 17 millionane er det satt av rundt tre millionar til bruk i Hordaland fylke.

– Prosjektet skal løfte fram bransjar innan dei blå næringane og energinæringane der behovet for å tilføre kompetanse er stort, og finne måtar det går an å løyse kompetansebehovet på, seier fylkesvaraordførar i Hordaland fylkeskommune Pål Kårbø. Han legg til at dette er eit viktig bidrag i å følgje opp regional plan for kompetanse og arbeidskraft - som blei vedtatt av fylkestinget i oktober 2017.

Langvarige løysingar

Prosjektet som varer i tre år (2018-2021) skal lage ein modell for kompetanseutvikling som sikrar langvarige løysingar. Modellen skal også kunne overførast til andre bransjar med liknande utfordringar. Oppstart for arbeidet er i oktober 2018.

– Vi er glade for å vinne fram i den tøffe konkurransen om prosjektmidlar frå EU. Dette er eit kvalitetsstempel på Hordaland fylkeskommune sitt arbeid, seier fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Bård Sandal.

Behov for grønare løysingar, rein energi, miljø -og ressursvern byr på moglegheiter, men krev òg nye næringar og omstilling i tenking, åtferd, og ikkje minst, kompetanse.

– Vi veit at vi trenger arbeidstakarar som har den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, men ingen kan med sikkerheit seie kva type kompetanse som krevjast i framtida, seier Sandal.

Klynger og universitet

I partnarskapet som Hordaland skal leie er det representantar frå både offentleg og privat sektor – mellom anna regionale myndigheiter, klyngeorganisasjonar og universitet. Alle representerer regionar i landa dei kjem frå - Norge, Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Belgia.

I hordalandsdelen av prosjektet deltar også NCE Seafood, Meland kommune og GCE Subsea.

"RIGHT-prosjektet" skal vere konkret og praktisk orientert og arbeide for å skape ein berekraftig region som kan takle konjunkturane i arbeids- og næringsliv. Det inneber å prøve ut tiltak for å sikre ein fleksibel og framtidsretta arbeidsstyrke i Hordaland, og finne gode metodar for partnarskapsarbeid og medverknad. Fagskolen i Hordaland vil vere sentral i dette arbeidet.

Fakta

  • Right skills for the right future er eit prosjekt innanfor EU sitt INTERREG Nordsjøprogram
  • Målet er å utvikle kompetanse for framtida i dei blå næringane og energinæringane
  • Hordaland fylkeskommune skal leie prosjektet der fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet deltar
  • Right-prosjektet er godkjent av fylkesutvalet. Arbeidet startar i oktober 2018 og prosjektperioden er tre år.