Skal lære å mekke på elbil

– Elbil er nytt og spennande å lære, seier Malin Mjelde, Malin Gjellestad, Nikolai Mortensen og Robin Davidsen. Dei er elevar i bilfaget ved Årstad videregående skole, som har fått den første elbilen i opplæring.

Dei 26 elevane i bilfaget skal få opplæring på den nye elbilen, ein Toyota Prius, som er både hybrid,  ladbar og går på solceller.

– Halvparten av nye bilar i Bergen er elbilar. Dette er avanserte bilar som elevane må forstå og lære korleis fungerer. Det inneber at vi må utdanne bilmekanikarar som og kan programmering og handtere elektroniske system. Og bedriftene vil ha lærlingar som er oppdatert på dette. Dette er kvardagen dei møter i bedriftene, seier avdelingsleiar Øyvind Bønes for teknologi ved Årstad videregående skole.

BilN1000B4071.jpg

– Vi har hatt godt samarbeid i mange år, seier lærar Gunnar Pedersen ved Årstad videregående skole (f.v.), salssjef Stig Øxnes i Jæger Automobil, avdelingsleiar Øyvind Bønes, kontaktlærar Terje Madsen og verksmeister Einar Djupvik. 

Godt samarbeid gjennom mange år 

Hordaland fylkeskommune har betalt elbilen gjennom budsjettet for opplæring og fått eit gunstig tilbod frå Jæger Automobil, som vann anbodet på levering.

– Vi har i mange år hatt samarbeid med Toyota og Jæger, og fått bilar frå dei til opplæring for elevane. Vi set pris på samarbeidet med Jæger. Både våre lærarar og elevar nyt godt av det, og Jæger får noko igjen, seier Bønes. 

Verksmeister Einar Djupvik og salssjef Stig Øxnes i Jæger Automobil er og nøgde.

– Vi har eit framifrå samarbeid og har gjeve bilar til Årstad ved to høve før. Vi gjev til gode formål, men denne har dei kjøpt. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar. Vi tek imot elevar for utplassering, slik at dei kan få vist kva dei kan. Vi tek inn eit høgt tal lærlingar kvart år, seier Djupvik og Øxnes.

BilN1000B4069.jpg

Ein flunkande ny Toyota Prius som er både ladbar, har solsceller på taket og er hybrid, står no tilgjengeleg for elevane på bilfaget ved Årstad videregående skole. 

Visste sidan eg var liten 

Dei fire elevane Malin Mjelde, Malin Gjellestad, Nikolai Mortensen og Robin Davidsen er ikkje i tvil om kva dei vil bli.

– Vi vil bli bilmekanikarar. Det er eit spennande yrke. Vi likar å reparere bilar og halde på med mekanisk arbeid, seier dei fire. 

– Eg visste at eg ville bli bilmeknikar sidan eg var liten, legg Nikolai Mortensen til. 

Dette er det andre året på Årstad videregående skole.

– Vi har ein fin skule, med gode lærarar. Vi har det greit og hyggeleg. Lærarane er opptekne av at vi skal lære. Dei gjev seg ikkje så lett. 

Må vise kva vi kan 

I faget fordjuping får dei prøve seg ute i bedrifter.

– Vi har vore utplassert på bilverkstad. Det er gøy å kome ut i arbeidslivet. Målet er å byrje i lære til sommaren, men det er mange om læreplassane, så vi må inn i bedriftene og vise kva vi kan. Brukar vi kontaktane vi har, går det seg alltid til, seier Malin Mjelde, Malin Gjellestad, Nikolai Mortensen og Robin Davidsen.

Samanlåing 

Frå årsskiftet blir teknologi og elektro slegne saman til ei stor avdeling leia av Øyvind Børnes. Det inneber at avdelingsleiar Arthur Tøsdal på elektro får ny jobb som avdelingsleiar for helse og oppvekst.

– Elektro og teknologi har samarbeidd i over eitt år. Mellom anna har elevane på teknologi bygd ein robot som elevane på elektro har programmert. Dette har vore eit utvekslingsprosjekt i samarbeid med ein skule i Nederland, eit svært vellukka prosjekt. Vi har og fått ein 3D-printar og skal lage til eit teknologisk rom der vi skal ha tverrsektorielt samarbeid. Vi er ein unik skule med store og flotte verkstader, seier avdelingsleiar Arthur Tøsdal.