Skal gi bedriftar veksthjelp etter gründerfasa

Å sikre fortsatt vekst etter gründerfasa kan vere utfordrande for mange bedrifter. GCE-subsea får no 700 000 kroner frå Hordaland fylkeskommune til eit prosjekt for å gi bedrifter i denne situasjonen eit ekstra løft.

Prosjektet «Scaleup» skal etablere eit nytt tilbod for gründerar og vekstbedrifter i dei havrelaterte næringane. Målet er å utvikle eit program som skal gi kommersielle verksemder hjelp til å vekse nasjonalt, internasjonalt eller mot nye eksportmarknader. 

– Scaleup er eit unikt kompetanseprogram som tilbyr kunnskap om korleis ein kan skalere opp eiga verksemd. Dette er eit godt tilbod for entreprenører med vekstpotensiale og internasjonale ambisjonar og eit viktig bidrag til næringslivet i Hordaland, seier næringssjef i Hordaland fylkeskommune, Mette Nora Sætre.

Fellessamlingar og workshops

Satsinga inneber eit kompetanseprogram for bedrifter på sør- og vestlandet. Programmet går over 12 veker der felles samlingar blir kombinert med regional oppfølging. Mentorar frå klyngenettverka skal vere ansvarlege for å følgje opp og ha faste møte med deltakarane frå regionen. Målsettinga er at 4-6 bedrifter frå Hordaland skal delta med minst to representantar kvar. Kompetanseprogrammet består av tre fellessamlingar med alle selskapa. I tillegg til dette skal det gjennomførast lokale workshops mellom samlingane.

Strategiarbeid

Scaleup-prosjektet blei til som følgje av ein strategi GCE-klyngane med senter i Ålesund, Bergen, Stavanger og Kristiansand har laga. Fleire verksemder frå klyngane deltok i 2015-17 på forskingsprogrammet MIT Reap (Massachutets Institute of Technology - Regional Entrepreneurship Acceleration Program). Ein klar anbefaling i dette arbeidet var å betre det regionale og nasjonale systemet for å ivareta bedrifter som skal skalere opp verksemda.

Scaleup er utvikla gjennom eit samarbeid mellom kompetansemiljø frå Universitetet i Bergen (UIB), Høgskolen på Vestlandet (HVL), Universitetet i Stavanger (UIS), Universitetet i Agder (UIA), Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet (NTNU) og Handelshøyskolen BI. Bergen teknologioverføring (BTO) og GCE Subsea deltar som ein del av programkomiteen og det regionale støtteapparatet.

Pengane blir tildelt gjennom det politisk vedtekne Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). Totalt skal fylkeskommunen bruke 63 millionar kroner gjennom dette programmet i 2018 til nærings- og samfunnsutvikling i fylket.

Andre HNH-tilskudd i juni og juli 2018

  • Voss Kommune. Søknad om støtte til muligheitsstudier knytt til utvikling av Vossevangen. Kr 400 000,-
  • Det Kongelige Selskap For Norges Vel. Utvikling av Économusée-nettverket til ein berekraftig organisasjon. Kr 450 000,-
  • Spillmakerlauget Vest. Forprosjekt, Senteret for dataspillutvikling. Kr 100 000,-