Skal finne tidstjuvar i skulen

Fylkeskommunen skal finne tidstjuvar i skulen. Ei arbeidsgruppe skal setjast ned for å følgje opp tilbakemeldingar om at tilsette i skulen må bruke tid på arbeidsoppgåver som ikkje kjem elevane til gode.

Fylkestinget har bede fylkesrådmannen setje ned ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå tidstjuvar i skulen. Gruppa skal vere breitt samansett med representasjon frå arbeidstakarorganisasjonane, samt administrativt og politisk nivå på fylket. 

Kva er tidstjuvane?

Dei siste åra har det vært eit stort fokus på tidstjuvar i skulen. Politikarar har over lang tid fått tilbakemeldingar om at tilsette i skulen må bruke mykje tid på arbeidsoppgåver som berre i avgrensa grad kjem elevane til gode.

Omgrepet «tidstjuvar» viser ofte til aktivitetar i ei verksemd som krev unødig tid og vert oppfatta som lite føremålstenleg med tanke på å sikre kvalitet og resultat i kjerneverksemda. Årsaker til tidstjuvar kan finnast i forhold som ei verksemd kan gjere noko med internt, eller kan vere resultat av forhold som verksemda ikkje har kontroll med, som til dømes lov, regelverk og rapporteringskrav frå andre styresmakter. 

Mykje dokumentasjon og rapportering

Det er forståing i skulesektoren for at det er behov for ulike typar rapportering og dokumentasjon, men ufordringa er det totale omfanget av ulike krav.

Rapporten» Ideas2Evidence Rapport 12:14 Rapporterings- og dokumentasjonskrav i skulesektoren» identifiserer styrkar og svakheiter, utfordringar og moglegheiter i det systemet vi har i dag. Rapporten inneheld konkrete forslag til fjerning av dokumentasjonskrav og rapportering både nasjonalt og lokalt. Arbeidsgruppa skal følgje opp funna i rapporten og vurdere i kva grad Hordaland fylkeskommune bør endre praksis knytt til rapportering og dokumentasjon. Eventuelle nye kartleggingar skal byggje vidare på funn i rapporten. Arbeidsgruppa skal også drøfte og vurdere korleis ein kan unngå tidstjuvar i stadig meir digitale klasserom, samtidig som vi har eit framtidsretta blikk på digital kompetanseutvikling.