Skal etablere hurtiglading for drosjenæringa

Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt med BKK om etablering og drift av hurtigladetenester for drosjar på Flesland og Bystasjonen i Bergen.

I løpet av våren 2019 skal BKK bygge seks hurtigladarar på drosjedepotet på Flesland og to på drosjehaldeplassen på Bystasjonen.

– Dette er eit viktig tiltak for å legge til rette for omstilling til nullutslepp i drosjenæringa. Målet er at hurtigladarane skal føre til fleire elektriske drosjar i Hordaland. Vi er glade for at BKK no er med oss i dette arbeidet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Få elektriske drosjar

Ein rapport frå Hordaland fylkeskommune viser at det berre var fem elektriske drosjar i Bergen køyreområde i 2017. I resten av Hordaland var det ingen. Drosjenæringa i Hordaland køyrde nærmare 61 millionar kilometer i 2017, og det samla utsleppet var 10 100 tonn CO2-ekvilvalentar. Dette svarar til om lag 1,7 prosent av samla utslepp frå lette køyretøy i fylket.

– Det nye ladetilbodet skal gjere det enklare å ta i bruk elektriske drosjar, seier Hestetun.

Ikkje lønsamt i dag

Ettersom det er få elektriske drosjar, er drifta av ladetilbodet for drosjenæringa ikkje berekraftig i dag. Fylkeskommunen støttar derfor etableringa av infrastruktur med 800 000 kroner. I tillegg bidreg Avinor og Miljødirektoratet med økonomisk støtte.

– I BKK har vi stor tru på satsingar innanfor elektrifisering for å skape ei berekraftig framtid. Hurtiglading er ein del av dette, og vi er svært nøgd med å bli vald av Hordaland fylkeskommune til å bygge ladeinfrastruktur for drosjenæringa i Bergen. Dette er ein milepåle for drosjenæringa, og for BKK si satsing på hurtiglading, seier Svein Kåre Grønås, konserndirektør for Entreprenør og Marked i BKK.

Fylkeskommunen er eigar av konsesjonskontrakten og har vore prosjektleiar med ansvar for utlysing og samarbeid med Avinor. Ein konsesjonskontrakt over åtte år vart lyst ut der tilbydarar konkurrerte på kvalitet, gitt ein stønadssum. BKK Energitjenester AS vann konkurransen og skal sette opp hurtigladarane våren 2019. I tillegg blir det sett opp 12 semi-hurtigladarar (AC-ladarar) på Flesland og fire på Bystasjonen. Dette er ladarar som brukar noko lengre tid på å lade opp bilen, men som likevel blir eit viktig supplement til hurtigladetilbodet.

Fakta

  • BKK sett opp og driftar ladetilbod på Flesland og Bystasjonen på konsesjon frå Hordaland fylkeskommune
  • Flesland: 6 lynhurtigladarar med minimum 100 kWh ladeeffekt og 12 AC-ladepunkt med 22 kWh ladeffekt
  • Bystasjonen: 2 lynhurtigladarar med 100 kWh effekt og 4 AC-ladepunkt med 22 kWh ladeffekt
  • Lokalisering på drosjedepot og -haldeplass gir drosjenæringa eksklusiv bruksrett