Skal bygge framtidig kompetanse innan hav og energi

– Eg er imponert over partnarskapen som er bygd opp – ein interessant miks av regionar, ekspertar og næringslivsorganisasjonar. Vi gler oss til å samarbeide med dykk, sa Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling, på Kick off-konferansen til EU-prosjektet «Right skills for the right future».

Hordaland fylkeskommune leier prosjektet der fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet deltar. Dei fleste var i dag samla på Zander K Hotel i Bergen.

RIGHT er ein del av INTERREG Nordsjøprogrammet til EU. Prosjektet som varer i tre år får til saman 17 millionar kroner for å løyse utfordringar i framtidas arbeidsmarknad i næringar knytt til hav og energi. Prosjektmidlane skal fordelast til prosjekt hos partnarorganisasjonane i dei ulike landa. Tre millionar skal brukast i Hordaland fylke.

Går nye vegar

Prosjektet har som mål å oppretthalde konkurransekrafta i næringslivet ved å utvikle kompetanse for framtidas arbeidsmarknad. Behov for grønare løysingar, rein energi, miljø -og ressursvern byr på moglegheiter, men krev òg nye næringar og omstilling i tenking, åtferd, og ikkje minst, kompetanse.

– I dette prosjektet skal vi gå nye vegar. Fylkeskommunen har fått ei forsterka rolle innan kompetansepolitikk. Vi trur arbeidet vil gi oss mykje ny kunnskap gjennom tett samarbeid med våre partnarar, seier Sandal.

Langvarige løysingar

Planen er å lage ein modell for kompetanseutvikling som sikrar langvarige løysingar. Modellen skal også kunne overførast til andre bransjar med liknande utfordringar. Det har Lucinda McAllister frå regionen Fife i Skottland tenkt å gjere. Dei opplever utfordringar når det gjeld kompetanseutvikling på fleire av sine felt.

– Utvikling av dei blå næringane og utvikling av fornybar energi er viktige område for økonomisk vekst i vår region. Vi håpar kunnskapsdelinga med prosjektpartnarane skal gi oss nye idear vi kan bruke på fleire av våre arbeidsområde, seier McAllister.

RIGHT_McAllister_FIife_county.JPG

Lucinda McAllister frå regionen Fife i Skottland ser fram til å samarbeide med partnarorganisasjonane i RIGHT-prosjektet.

Ny prosjektleiar

Ein annan som ser fram til å komme i gang med prosjektet er Juan Manuel Santacruz. Han begynte denne veka i jobben som prosjektleiar for RIGHT-prosjektet.

– Eg ser frem til å ta fatt på oppgåvene etter det grundige planleggingsarbeidet som fylkeskommunen har gjort så langt i denne interregionale satsinga, seier Santacruz.

Han har erfaring som prosjektleiar frå olje- og gassbransjen og næringsmiddelindustrien og har jobba internasjonalt i både store og mellomstore organisasjonar.

– Kombinasjonen av brei kompetanse i fylkeskommunen, kunnskap og erfaringar hos våre internasjonale kollegaer i Nordsjøregionen, og god styring vil bidra til at vi saman oppnår prosjektmåla. Dette blir eit viktig arbeid i utviklinga av det framtidige vestlandsfylke.

Right_prosjektleiar.JPG

Juan Manuel Santacruz starta denne veka i jobben som prosjektleiar for RIGHT-prosjektet. Allereie i dag fekk han møte partnarorganisasjonane i prosjektet.  

Fakta

  • Right skills for the right future (RIGHT) er eit prosjekt innanfor EU sitt INTERREG Nordsjøprogram
  • Målet er å utvikle kompetanse for framtida i dei blå næringane og energinæringane
  • Hordaland fylkeskommune skal leie prosjektet der fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet deltar
  • Right-prosjektet er godkjent av fylkesutvalet. Arbeidet startar hausten 2018 og varer i tre år.