Skal bidra til omstilling i Odda

– Vi vil bidra til omstilling i Odda, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Hordaland fylkeskommune gjev 400 000 kroner til utvikling av eit innovasjonssenter som skal skape vekst og nye arbeidsplassar.

Konjunktursvingingar i prosessindustrien i Odda og fallet i oljeprisen har medført store utfordringar for fleire bedrifter i Hardanger-regionen. Bedriftene har hatt eit nettverk av leverandørar som har vore 100 prosent knytt til prosessindustrien. Dei har blitt tvinga til å tilpasse seg andre marknader for å få fleire bein å stå på. 

Samarbeid på tvers av bransjar 

Fylkeskommunen bidreg med 400 000 kroner til eit forprosjekt som skal utvikle eit innovasjonssenter for Indre Hordaland i regi av Odda kommune og Næringshagen i Odda. 

– Innovasjonssenteret skal bidra til omstilling, gründerskap og etablering av nye arbeidsplassar. Utfordringar innan prosessindustrien og oljeprisfallet har ført til nedlegging og redusert bemanning. Gjennom tett dialog og samarbeid på tvers av bransjar skal bedriftene tilpasse seg marknaden. Fleire gründarar har etablert seg med gode idéar og stor vilje til å skape nye arbeidsplassar. Vi støttar prosjektet for å få ny vekst i regionen, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Rettleiing og infrastruktur 

Innovasjonssenteret skal, i tett samarbeid med de ulike bedriftene i regionen, gje gründarane tilgang på råd, rettleiing, infrastruktur og ulike verktøy. I tillegg er det behov for lågterskelordningar som kan yte direkte økonomisk støtte for mindre innovasjonsprosjekt til bedriftene.