Sentralbadet skal bli scenekunsthus

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å løyve fem millionar kroner til å etablere Sentralbadet i Bergen som scenekunsthus. Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans, skal ha hus i Sentralbadet.

Totalt vil fylkestinget bruke 105 millionar kroner til etableringa. Dei resterande 100 millionar kronene blir gjeve med atterhald om vedtak i årsbudsjetta til fylkeskommunen, med fem millionar kroner årleg i 20 år frå 2019. 

Løyvinga er basert på at fylkeskommunen eig 15 prosent av dansekompaniet. Staten eig 70 prosent og Bergen kommune 15 prosent.

Kulturpolitisk medansvar

Fylkeskommunen har teke eit kulturpolitisk medansvar for Carte Blanche sidan flyttinga til Bergen i 1989. Bergen kommune skal stå som byggherre og eigar av Sentralbadet. Løyvingane frå fylkeskommunen blir utbetalt til kommunen.

Fullfinansiert av staten

Terje Kolbotn (R) peika på at Carte Blanche er eit nasjonalt og internasjonalt dansekompani og burde vore fullfinansiert av staten på lik linje med andre nasjonale kulturinstitusjonar. Fylkestinget var samd i å oversende sak om dette til utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland.