Seks nye prosjekt skal betre psykisk helse hos barn og unge

Hordaland fylkeskommune har valt ut dei første programkommunane i tilskotsordninga til Program for folkehelsearbeid. Dei involverte kommunane utgjer omtrent 75 prosent av befolkninga i Hordaland.

Dei såkalla programkommunane får midlar til utvikling av tiltak over fleire år.

– Det er flott å sjå at kommunar som utgjer så stor del av befolkninga, og er geografisk spredd i fylket, ønskjer å vere programkommune, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Langsiktig arbeid

Hordaland fylkeskommune blei i vår tildelt 36 millionar over seks år frå Helsedirektoratet gjennom den nasjonale satsinga «Program for folkehelsearbeid». Midlane går til arbeid som skal betre psykisk helse hos barn og unge.

I mai lyste fylkeskommunen ut midlar. Kommunane som no blir programkommunar har alle skissert utkast til tiltak dei ønskjer å utvikle. Dei får no høve til å arbeide med prosjekta i tre til fire år. Til saman er det seks prosjekt som får midlar.

Kommunane som startar sitt prosjektarbeid er Askøy, Bømlo, Bergen, Kvinnherad og Stord. I tillegg søkte hardangerkommunane og Voss om eit større samarbeidsprosjekt. Dei er òg teke opp i tilskotsordninga. Kvam herad skal samordne dette arbeidet.

Hordaland fylkeskommune er programansvarleg og samordnar programarbeidet regionalt. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å drive arbeidet framover, og har det økonomiske og administrative ansvaret.

– Vi ser fram til det vidare arbeidet med utvikling av gode tiltak for barn og unge i Hordaland, seier Sætre.

Skal oppleve tilhøyrsle

Dei fleste ungdommar i Hordaland er både friske og aktive, har fleire venar og trivast godt i sitt nærmiljø. Det er likevel rom for forbetringar. Fleire av prosjekta handlar om å finne modellar som kan auke barn og unge si involvering i lokalsamfunnet.

Tiltaka siktar seg inn mot barn og unge frå tre til 24 år. Barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, arbeidsliv og nærmiljø er viktige arenaar kommunane vil arbeide med. Ein viktig verdi i arbeidet er at målgruppa får oppleve ei tilhøyrsle i sitt lokalsamfunn og at det er låg terskel for å delta sosialt.

Dei seks prosjekta som no startar er valt ut etter råd frå det regionale samarbeidsorganet for folkehelsearbeidet i Hordaland. Dette er eit fagnettverk som skal vere med å styrke utviklinga av tiltak ute i kommunane.

Fakta

  • Program for folkehelsearbeid er ei nasjonal satsing for å styrke psykisk helse og rusførebyggjande arbeid i folkehelsearbeidet.
  • Satsinga skal bidra til å auke kompetanse i kommunane på tiltaksutvikling for barn og unge, og fremje kompetanseutvikling og samarbeid.
  • Hordaland blei programfylke i mars i år. Prosjektperioden er frå 2018 – 2023.