Seier nei til krav frå konkursbuet for Sykkel-VM

Fylkestinget har vedtatt å avvise kravet frå konkursbuet for Bergen 2017 AS. Summen på 5,2 millioner kroner vert motrekna mot manglande istandsetjing av fylkesvegane etter sykkelarrangementet.

Konkursbuet for Bergen 2017 AS har fremja eit krav ved advokatfirmaet SteenstrupStordrange DA om utbetaling av 5,2 millionar kronar. Denne summen var meint som usikkerheitsgaranti. Fylkestinget vedtok i dag å avvise kravet. Summen på 5,2 millionar kronar vert motregna mot Bergen 2017 si manglande istandsetjing av fylkesvegane. 

Til sykkel-VM vart ein del fartsdumpar fjerna og brustein vart asfaltert for å betre sykkeltilhøva. Avtalen med arrangøren var at desse skulle utbetrast etter at Sykkel-VM var over. Grunna dårleg økonomi har ikkje Sykkel-VM gjort dette.