Sandsli vgs gir næring og læring

Det første som vil møte deg er lukta av nybakte bollar i eit opent og lekkert lokale. Her på Sandsli videregående skole går restaurant- og matfaga hand i hand med studiespesialisering.

Til hausten blir skulen i Ytrebygda bydel i Bergen den største i landet på restaurant- og matfag. Det kjem alle elevar og lærarar til nyte godt av!

– Her er det balanse og likeverd mellom studieretningane restaurant- og matfag og studiespesialisering, seier rektor Rune Dolvik og fortel om planane for hausten.

Nytt og stilig fellesområde

Når skulen startar etter sommaren 2018 vil elevane kome til ei skule som er vesentleg bygga om. Dolvik finn frem arkitektteikningar over korleis skulen, som er frå 1994, skal bli. Fellesområda skal byggjast om. Det blir ny kantine, eigne sitteområde i andre etasje, kaffibar og nytt kantinekjøkken (sjå bilete nedst i saka).

– Slik blir fellesområda naturlege samlingspunkt uavhengig av om du går på studiespesialisering eller restaurant- og matfag, seier han og legg til:

– Og russen får sitt eige område! Det har eg lova, og dei gler seg veldig, ler han.

I tillegg kjem det sit stort multirom/auditorium med plass til 180 elevar.

– Det vil bli en helt annen feeling på skulen, som vil bidrege til meir samspel for alle elevar, seier Dolvik.

sandsli øygarden.jpg

Første veka av Vg1  er det felles overnattingstur til Øygarden, full av skjærgårsdaktivitetar som fiske og båtliv. Restaurant- og matfag-elevane får og besøke eit oppdrettsanlegg.

Gode eksamenskarakterar

– Kan eg få skryte av karakterane her? Inntakskrava her har ikkje vore like høge som skulane i sentrum, men vi har over tid hatt høge eksamenskarakterar, spesielt i realfag og norsk hovudmål på Vg3, påpeikar rektor.

Han trekker frem høgt kvalifiserte og dedikerte lærarar på begge programområde.

Dette får støtte i elevundersøkinga som tydar på at elevane trivs godt på skulen. Dei seier og at det er rom for å vere seg sjølve, utan motepress.

Spesielle programfag

Av fag du kan ta på studiespesialisering trekkjer rektor spesielt fram biologi,  der skulen har eit samarbeid med Marinbiologisk feltstasjon på Espegrend og Universitetet i Bergen. Også faget kommunikasjon og kultur, der elevane får gå på fotosafari og grafitti-jakt i sentrum, geofag med fleire studieturar, psykologi, og aktivitetslære med friluftsliv og vintertur til Finse er fag som ikkje alle skular har. 

Lett å få læreplass

Men tilbake til kjøkkenet. Kva har meisterkokk og Bocuse d’Or-vinnar Ørjan Johannessen og Adam frå Adams matkasse til felles? Jo, dei har begge gått på Sandsli vgs.

Sjølv om ikkje alle blir kokkekjendis så er det mange moglegheiter.

Etter to år går elevane ut i lære på til dømes bakeri, konditori, hotell eller restaurant, og det er lett å få læreplass.

Så kva ventar du på? Vil du søke på Sandsli vgs? Eller vil du sjekke ut ei av dei 33 andre skulane i fylket?

Frist for å søkje skuleplass er 1. mars.

sandsli1.JPG

Til hausten blir det innbydande sittegruppar og moderne lokale på Sandsli vgs.

sandsli2.JPG

 Kantina får seg ein facelift! Her kan du nyte varmmat og bollar.

sandsli3.JPG

Fleire stader skal det lagast hull i betongen for å gje plass til dei nye lokala.

sandsli4.JPG

 Tenk å slenge seg her i friminutta!