Folkehelseundersøkinga: Positivt å bli eldre, men fleire unge slit psykisk

Resultata frå folkehelseundersøkinga i Hordaland er klar, og det er fleire funn som kan vere overraskande. Mellom anna rapporterer dei eldre at dei har det stort sett betre enn dei yngre på mange område, og det å ha grøntområde rundt seg er viktig for trivselen for to av tre.

Resultata frå denne omfattande undersøkinga skal vere med å leggje grunnlag for vidare arbeid med folkehelse i Hordaland. 70 000 tilfeldig utvalde hordalendingar over 18 år blei i vår inviterte til å delta, og svarprosenten var om lag 40 prosent.

Positivt å bli bli eldre

I følge dei som har svara på undersøkinga, står det jamt over betre til dess eldre ein blir:

  • Nivået av psykiske plager synker med alderen
  • Kosthaldet blir betre med alderen
  • Det blir færre einsame med aukande alder
  • Sosial støtte, oppleving av tryggheit og trivsel i nærmiljøet og kor nøgd ein er med livet aukar med alder
  • Dei eldre rapporterer om betre økonomi
  • Dei har betre balanse mellom jobb og fritid
  • Dei er nøgde med jobben og har ikkje ein jobb som går ut over helse
  • Dei er i mindre grad plaga av støy i heimen 

Blant unge vaksne har snusing nesten fullstendig erstatta røyking. Delen som røykte dagleg i yngste aldersgruppe (18-29 år) i Hordaland var 3 prosent blant kvinner og 4 prosent blant menn, mens delane som brukte snus dagleg var 21 prosent og 26 prosent i dei same gruppene.

Det er fleire unge som slit psykisk enn eldre, og jo eldre ein blir, dess betre føler ein seg.

– Dette samsvarar med funn frå studentanes helseundersøking. Einsemd følgjer same kurven, og trivsel i nærmiljøet aukar med alder, seier Aina Haugstad, seniorrådgjevar i Hordaland fylkeskommune.

Eit anna interessant funn er at delen som opplever god balanse mellom arbeid og privatliv går ned med aukande utdanningsnivå. 

Tilgang på grøntområde er viktig

Eit generelt funn for fylket som heilhet, er at 2 av 3 seier at tilgang til friluftsområde er viktig for eiga trivsel.

Når vi ser på tala for kor mange som har tilgang til dette, er dei jamn over høge. Det er færrast i Bergen, Askøy, Sotra og Øygarden som opplever at dei har tilgang til grøntareal og natur- og friluftsområde. Hardanger og Voss er regionane med høgast grøntareal og friluftsområde.

Andre geografiske forskjellar

Det er kanskje ikkje overraskande bergensarane som melder om størst tilfredsheit over tilgangen på kultur- og idrettstilbod (ca 86%), mens berre om lag halvparten av folk i Nordhordland er nøgde med dette.

– Vi ser tydelege regionale forskjellar i deltaking i organisert aktivitet: Det er flest i Nordhordland som deltek i organisert aktivitet. Her skårar Bergen lågare enn resten av fylket, men Arna høgare enn Bergen. Kan det tyde på at det organiserte tilbodet er viktigare i meir spreittbygde strøk? undrar Aina Haugstad.

Andre funn:

  • Færre oppgir psykiske vanskar i Midthordland og Hardanger og Voss, og det er flest i Bergen. Men det er relativt små forskjellar mellom regionane.
  • Færrest opplever god helse i Askøy, Sotra og Øygarden og i Nordhordland
  • Flest føler seg einsame i Sunnhordland
  • Lågere del som føler seg tilfreds med livet i Bergen og Askøy, Sotra og Øygarden enn i resten av fylket
  • Flest blir utsette for skade i Nordhordland og Midthordland
  • Det har gått lengst tid sidan dei frå Askøy, Sotra og Øygarden gjekk til tannlegen

Folkehelsearbeidet i Hordaland

I dei seinare åra er det blitt meir og meir fokus på folkehelsearbeid. Forhold som vedkjem folkehelse, skal inn i alle planar fylkeskommunen og kommunane held hand om.

– Å leggje til rette for god folkehelse har mykje å seie for samfunnet og for helsa til den enkelte. Derfor er dette viktig, og derfor har vi stort fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Resultata frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 kjem òg kommunane til gode. Dei største kommunane i Hordaland får eigne rapportar. For dei mindre kommunane kjem rapportane på regionsnivå for å sikre anonymiteten. Resultata kan og bli brukt til seinare forsking.

Spørsmåla det har fått har dekt eit breitt spekter relatert til folkehelse: Vanar med tobakk og alkohol, psykisk helse, kosthald, fysisk aktivitet, generell helse, einsemd, sosiale støtte, tryggleik, trivsel, støy, tilgang på ulike fasilitetar der ein bur, økonomi- og jobbsituasjon, reiseveg og bruk av tannhelsetilbod.