132 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Hordaland fylkeskommune fekk 5 millionar meir å fordele i 2018 og set dermed ny rekord i midlar til totalt 160 anlegg i fylket.

Det er Kulturdepartementet som avgjer kor mykje pengar som vert delt ut til kvart fylke. Med den nye summen på vel 132 millionar kroner vart det ei auke på 4,2 prosent.

- Mange gode søknader frå Hordaland gjer at fylket i år også får ei rekordtildeling til vidare fordeling. Spelemiddelordninga er eit viktig bidrag til utvikling av lokalsamfunn, og nesten alle kommunar søker årleg om midlar til ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Fleire kommunar byggjer no basseng som gir eit løft både for den organiserte idretten, opplæring i skulen og for eigenorganiserte aktivitetar seier Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef i Hordaland fylkeskommune.

Godkjende søknadar for over 500.000.000 kroner

Kommunane i Hordaland har i år søkt om 504.271.000 millionar kroner til ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Fordeling av spelemidlane frå Norsk Tipping var oppe i sist møte i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Dei 160 anlegga fordeler seg på 85 ordinære anlegg og 75 nærmiljøanlegg. Midlane går til alt frå større hallar for organisert idrett til mindre nærmiljøprosjekt.

- At Norsk Tipping gjev store delar av overskotet sitt tilbake til samfunnet, gjer at vi kan få bygd anlegg for idrett og fysisk aktivitet som vi elles ikkje ville fått realisert. Dei utanlandske spelselskapa som er på full fart inn i den norske marknaden har ikkje denne ordninga, det kan vere verdt å merke seg, opplyser fylkesidrettssjefen.

Bredt engasjement for anleggsutvikling

Kommunane og organisasjonane i Hordaland skal ha mykje av æra for at fordelinga av spelemidlar til anlegg i Hordaland er rekordhøgt. Mykje godt arbeid gjerast rundt omkring i kommunane for å få fram dei gode anleggsprosjekta.

- Fylkeskommunen bidreg med rettleiing og kompetansehevande tiltak mot kommunane, og her vil vi styrke innsatsen i neste søknadsperiode, seier Beate Husa, utvalsleiar for kultur, idrett og regional utvikling.

Fakta om søknadsprosessen

Søknad om støtte til bygging av anlegg fremjast til fylkeskommunen gjennom kommunen der anlegget er planlagt bygd. Alle søknadar om spelemidlar vert sendt frå kommunane til fylkeskommunen elektronisk gjennom www.anleggsregisteret.no innan 15.januar. Fylkeskommunen går gjennom alle søknadane, og godkjende søknadar sendast til Kulturdepartementet innan 15.mars. Departementet fastset vanlegvis ramma til fylkeskommunane innan 1.mai, og fylkeskommunane gjer vedtak om detaljfordeling av midlane til søkjarane. Oversikt over fordelinga til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg vert sendt til departementet i løpet av juni kvart år. Alle søkjarane skal vere underetta innan 1.juli.

Hovudmålgruppa for bruk av spelemidlar til idrettsformål er barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år), personar med nedsett funksjonsevne og fysisk inaktive.
Ordinære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet og eigenorganisert aktivitet. Her kan søkjar få innvilga inntil 1/3 av søknadssum.
Nærmiljøanlegg er anlegg utandørs for eigenorganisert fysisk aktivitet, som unntaksvis kan nyttast til organisert idrettsleg aktivitet. Søkjar kan få innvilga inntil 50 prosent av søknadssum, avgrensa oppover til 300.000 kroner.