Må redusere kostnadene for byggetrinn 4 på Bybanen

Styringsgruppa i Miljøløftet blei måndag orientert om oppdaterte kostnadstal for Bybanens byggetrinn 4 til Fyllingsdalen. No skal prosjektet gjere ein gjennomgang på nytt med sikte på kostnadsreduksjon.

Kostnadstal for Bybanens byggetrinn 4 til Fyllingsdalen blei lagt fram for styringsgruppa i Miljøløftet i dag. Tala viser at kostnadne går ut over styringsramma og styringsgruppa meiner difor at det er naudsynt å redusere dei samla kostnadene for den vidare utbygginga.

Prosjekteier og prosjektansvarlig for Bybanen, Hordaland fylkeskommune, vil saman med Bergen kommune ha ein gjennomgang av prosjektet med sikte på kostnadsreduksjon. Det skal mellom anna vurderast om byggetrinn 4 kan avsluttast ved Oasen. Ei slik avgjerd føreset at Bybanen frå Oasen til Spelhaugen gjennomførast i eit seinare byggetrinn.