Prosessen med nytt fylkesvåpen går vidare

Etter at fire framlegg til fylkesvåpen for Vestland fylke vart lagt fram 19. desember, vedtok fellesnemnda for samanslåinga å bruke meir tid på å finne eit varig og samlande fylkesvåpen til det nye fylket.

Prosessen mot fylkesvåpen for Vestland har gått gjennom året, med innsendte forslag, folkefavoritt, designkonkurranse og vurdering og tilråing frå fagjury.

Fire framlegg

I dag la prosjektleiaren fram fire forslag frå fagjuryen for fellesnemnda for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Eitt forslag til fylkesvåpen vart tilrådd, medan to vart skildra som godt eigna, og eitt som eigna. Etter ordskiftet vedtok politikarane å arbeide meir med forslaga, samt med nye og innsendte forslag til prosessen.

- Vi har hatt ein levande debatt med eit godt grunnlag for å finne eit passande fylkesvåpen til Vestland. Viljen er no sameint og stor om lukkast med å velje eit godt og samlande fylkesvåpen, seier leiar for fellesnemnda Anne Gine Hestetun.

Historisk motiv

Politikarane ønska at det blir arbeida vidare med framlegga frå fagjuryen, der ein også får sjå fleire forslag med historisk motiv, samt at nye forslag og folkefavoritten blir med vidare i prosessen. Dei fire motiva i tilrådinga har grunnmotiv frå flora og fauna, og landskapsmotiv. Det var ynskje om å også arbeide fram motiv med utgangspunkt i felles historiske referansepunkt, som Gulating, Mostrating og Onarheimseglet.

Våren 2019

- Målet vårt må vere å finne eit nytt fylkesvåpen som båe har tilknyting til og som kan vere samlande for dei to fylka, ikkje å gå vidare med eit av dei eksisterande symbola, sa nestleiar i fellesnemnda Jenny Følling. 

Ein tek sikte på at fellesnemnda gjer vedtak om fylkesvåpen i løpet av våren 2019. Dette blir så sendt vidare til fylkestinga i dei to fylka. Her må det gjerast likt vedtak i dei to fylkestinga for at fylkesvåpenet skal bli gyldig.