Prestisjetung forskingspris til Hordaland

Randi Jacobsen Bertelsen, forskar ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest, har fått Kronprins Haakons forskingspris for astma og allergi 2018.

Prisen er på 50 000 kroner og vart delt ut under fagkonferansen Allergifrisk i Helsedirektoratet.

– Randi Jacobsen Bertelsen har utmerka seg som ein ung og nyskapande forskar som alt har bidratt betydeleg med forsking innanfor astma og allergiske sjukdommar, og har på ein særskilt innsiktsfull måte nytta kunnskapen om kjemiske eksponeringar til å reise nye forskingsspørsmål, sa Britt Ann K. Høiskar, nestleiar i Forskingsfondet for astma og allergi, under utdelinga. Fondet er skipa av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).

Mykje å seie for helse og livskvalitet

Randi Jacobsen Bertelsen er tilsett som forskar ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest i Hordaland fylkeskommune. Ho har bidratt betydeleg med forsking på astma og allergiske sjukdommar.

Saman med forskingsmiljøet i Bergen ser ho no på korleis antibakterielle kjemikaliar påverkar bakteriesamansetninga i munnhola og korleis dette påverkar lungehelsa hos barn og vaksne. I grunngjevinga til juryen heiter det at dette er banebrytande forsking både reint metodisk og analytisk og at det kan få svært mykje å seie for helse og livskvalitet. 

Femårig forskarprosjekt

Randi Jacobsen Bertelsen tok doktorgraden på innemiljø og barn ved Universitetet i Oslo i 2010, og har vore tilsett ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus.

I 2010 mottok Randi Jacobsen Bertelsen forskingsprisen til Voksentoppen for arbeidet med doktorgraden. I 2014 fekk ho «Young Researcher Talent grant» frå Norges forskingsråd. Nylegg fekk ho tildelt eit femårig forskarprosjekt frå Norges forskingsråd frå programmet «BEDREHELSE» og vart i august i år tildelt eit svært prestisjetungt forskingsstipend frå ERC Starting Grant.