Positiv til utviding ved St. Paul vgs

Fleirtalet i fylkesutvalet støttar søknaden frå St. Paul vgs om å etablere nytt tilbod innan idrettsfag og ei utviding på totalt 146 elevplasser.

St. Paul er ein katolsk livssynsskule i Bergen, som er godkjend etter friskulelova. Skulen har søkt om utviding med totalt 146 elevplassar. Skulen ønskjer å utvide plasstalet i dei studieførebuande klassane til 32 i kvar klasse, ein auke på 18 elevplassar. Skulen vi også opprette tilbod innan idrettsfag med totalt 96 elevplassar fordelt på vg1- vg3.

Høgre, Frp, Krf, Venstre og MDG stemte for å støtte søknaden. Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV stemte imot.

Åtvara mot ei vidare utvikling

Den politiske debatten handla mellom anna om kor mange private skuleplassar Bergen kommune og spesielt Bergen sentrum bør ha, og om ei utviding av tilbodet vil ha negativ effekt på den offentlege tilbodsstrukturen. I skuleåret 2017/18 er det i underkant av 2200 elevar ved private vidaregåande skuler i Bergen kommune

I ei protokollmerknad fremja av Ap, SV og Sp, vert det åtvara mot ei vidare utvikling der ein samlar privatskular og store elevgrupper sentralt i Bergen og gjev høve til ytterlegare auke i elevtalet utan at dette vert utgreidd på ein tilfredsstillande måte. Dei oppmodar på det sterkaste Utdanningsdirektoratet om å avvise søknaden frå St. Paul vgs.

Utdanningsdirektoratet avgjer

Søknaden skal avgjerast av Utdanningsdirektoratet, som mellom anna vektlegg konsekvensar utvidinga vil få for den offentlege skulestrukturen, skulefaglege omsyn, behovet for skulen og budsjettmessige omsyn.