Planane klare for nye Hjeltnes

– Vi er godt nøgde med vedtaket, seier tillitsvald Kåre Olai Solheim ved Hjeltnes vidaregåande skule i Ulvik. Den vidaregåande skulen er lagt ned, men skal drivast vidare som produksjonsskule og fagskule.

Fylkestinget i Hordaland har vedteke at det framleis skal vere drift ved skulen, som produksjonsskule og fagskule.

– No kan vi få nye arbeidsplassar på Hjeltnes. Avdelingsleiar for produksjonsskulen er lyst ut, og vi skal starte arbeidet med å få på plass verkstader, seier Solheim. 

Stor aktivitet

Sjølv om den vidaregåande skulen er lagt ned, er det stor aktivitet ved skulen dette skuleåret.

– Vi er 15-16 tilsette her og har to klassar på deltidsstudium, ein klasse arborgist på fagskule, og introduksjonskurs for flyktningar. Totalt er vi 60 personar på Hjeltnes, seier Solheim.

Dei to klassane på deltidsstudium er vaksenopplæring, ein klasse vg2 landbruk og gartnarnæring, og ein klasse vg3 gartnarnæring.

Den første i Norden

Planane for neste skuleår er klare.

– Vi skal ha utdanning i lokal matproduksjon. Dette blir den første i sitt slag i Norden, og vi skal ha utdanning i kreativ design, og maskin og anlegg, seier tillitsvald ved skulen, Kåre Olai Solheim.