Os-elevar best i ungt entreprenørskap

– Vi er utruleg stolte og takknemlege, seier dei fire elevane i Russehuset UB ved Os gymnas som gikk heilt til topps i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland.

– Vi produserer russeklær. Dette er billige og stilige produkt til god kvalitet. Vi ønskjer at russen skal få ein endå betre russetid, seier Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro og Harry Moore i Russehuset UB. 

Juryen har berre godt å seie om dei fire elevane ved Os gymnas: Dei treffer ein nærmast monopolisert marknad. Dei har god forretningssans, ein god marknadsstrategi, og godt samarbeid med lokalt næringsliv. Juryen har tru på at bedrifta kan leve lengre enn berre dette året».

RussehusetN1000UB2.jpg

Russehuset UB med Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro og Harry Moore skal delta i NM på Lillestrøm i april. 

Bok med sunne oppskrifter 

Russehuset gjekk og til topps i kategorien  størst verdiskapingspotensiale. 

På andre plass kom Piffi UB fra Bømlo vidaregående skule. Dei har laga ei bok med økonomiske og sunne oppskrifter som skal hjelpe studentar og andre til ein lettare kvardag.

PiffiN1000UB.jpg

Piffi UB på Bømlo tok 2. plass i meisterskapen og skal til NM. 

Fem til NM 

Wrappy UB frå Stend videregående skole gjekk til topps i kategoriane beste sal og servicebedrift. Nortech UB fra Kvam videregående skole vann kategoriane innovasjonsprisen og beste yrkesfaglege bedrift. Stili UB fra Amalie Skram videregående skole gjekk til topps i kategoriane IA-prisen, bærekraftprisen og beste forretningsplan.

Alle desse fem ungdomsbedriftene skal delta i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 26.-27.april.

WrappyN1000UB.jpg

Wrappy UB ved Stend vidaregåande skule vart beste sal og servicebedrift og skal til NM.

Skal realisere produktidé

Elevar som deltek i ungdomsbedrift lærer bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår skal elevane etablere, drive og avvikle ei ungdomsbedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut ifrå ein konkret produktidé og realiserer denne gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Grunnlaget for bedriftan er dei eigne ideane til elevane, basert på ein prosess med idé- og produktutvikling.

NortechN1000UB1.jpg

Nortech UB ved Kvam vidaregåande skule vann innovasjonsprisen og vart beste yrkesfaglege bedrift. Dei skal og til NM. 

Samspel 

Konkurransen er skipa til av den ideelle, landsdekkande organisasjonen Ungt Entreprenørskap som i samspel med skulane, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle kreativitet, skaperglede og tru på seg sjølv hos barn og unge.

StiliN1000UB.jpg

Stili UB ved Amalie Skram videregående skole vann kategoriane IA-prisen, bærekraftprisen og beste forretningsplan og skal til NM. 

70 ungdomsbedrifter deltok 

Meisterskapen vart skipa til på Amalie Skram videregående skole. 70 ungdomsbedrifter frå heile Hordaland konkurrerte mot kvarandre i 15 kategoriar. 70 frivillige dommarar frå lokalt næringsliv utgjorde juryen.