Orknøyane og Hordaland ser på nye energikjelder

– Vi har eit langt vennskap, seier fylkesordførar Harvey Johnston på Orknøyane. – Dette møtet skal bringe oss nærmare kvarandre, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Over tre dagar blir det gode vennskapet mellom Orknøyane og Hordaland markert.

Ein delegasjon på fem personar frå Orknøyane, med fylkessordføraren i spissen, kom til Hordaland i dag.

– Vi er spesielt interessert i nye energikjelder som elektrisitet, hydrogen og andre gassar, og korleis vi kan få kontroll med cruisetrafikken. Vi har mykje i fellesskap. Det er mykje vi kan lære av Hordaland, og Hordaland kan lære mykje av oss, seier fylkesordførar Harvey Johnston. 

På Orknøyane har dei mellom anna utvikla nye formar for vindkraft og bølgjekraft. Dette blir sett på som løysinga for fornybar energi på Orknøyane. Ein del av energien blir omgjort til hydrogen som blir lagra i store tankar og brukt som drivstoff i køyretøy og skip, og til kraft og varme i bygningar.

OrknN1000B8630.jpg

– I 35 år har vi utvikla vennskap og respekt mellom våre to folk, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø. ­ – Vi har mykje å lære av kvarandre, seier fylkesordførar Harvey Johnston på Orknøyane. 

Stort hav, kort avstand

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø peikar på det lange vennskapet mellom dei to regionane.

– I 35 år har vi utvikla vennskap og respekt mellom våre to folk. Det er eit stort hav mellom oss, men ikkje lange avstanden, seier Kårbø som fortalde delegasjonen om satsinga på nye energikjelder, mellom anna dei nye ferjene som går på straum, elektrifisering av Bergen hamn og strategien for å gjere cruisetrafikken meir miljøvennleg. I år kjem det 330 turistskip til Bergen. 

OrknN1000B8674.jpg

– Det har vore ein kraftig auke i tal cruisepassasjerar over Bergen hamn, ein auke frå 100 000 i 2000 til 600 000 i år, fortalde Trond Amland som har utarbeidd cruisestrategien for Vestlandet.

Skal auke inntektene frå cruisetrafikken

Rådgjevar Trond Amland fortalde delegasjonen frå Orknøyane om cruisestrategien for Vestlandet der eit viktig tema er korleis den skal bli berekraftig og ikkje øydelegge miljøet.

– Vi må satse på nye energikjelder som elektrisitet, hydrogen og andre gassar. Cruisetrafikken er masseturisme i dag. Dei brukar mykje pengar om bord, men ikkje så mykje i land. Vi må sjå på korleis vi kan auke inntektene til dei landbaserte næringane, seier Amland.

OrknN1000B8652.jpg

Møte mellom Orknøyane og Hordaland fylkeskommune: Fylkesordførar Harvey Johnston (f.v.), Karen Greaves, John Ross Scott, fylkesvaraordførar Pål Kårbø, Inge Døskeland, Gavin Barr og Graham Sinclair.

Kraftig auke i cruisepassasjerar 

Vestlandet reknar med kraftig auke i cruisepassasjerar.

– Over Bergen hamn hadde vi 100 000 passasjerar frå cruiseskip i 2000. I år får vi 600 000. Og dette reknar vi med vil auke med tre prosent kvart år framover. Korleis skal vi kunne ta imot denne auken? Har vi infrastruktur til det? spurde Trond Amland som har utarbeidd cruiseskipsstrategien for dei fire fylka på Vestlandet. 

Fylkesordførar Harvey Johnston seier at Orknøyane og har ein del cruisetrafikk.

– Vi får besøk av 115 skip i år. Det er halvparten av cruisetrafikken til Bergen hamn, men den aukar mykje kvart år. Vi har lagt godt til rette for turistane. Vi har korte avstandar og bussar dei rundt på øya. Vi har attraksjonar dei vil sjå og produkt dei vil kjøpe, men vi må ha kontroll over cruisetrafikken. Dette er nyttig å dele kunnskap. Vi vil ha samarbeid med Bergen hamn, seier fylkesordførar Harvey Johnston. 

OrknN1000B8677.jpg

Graham Sinclair i delegasjonen frå Orknøyane takkar Even Husby i Bergen hamnevesen for vitjinga på Bergen hamn og overrekkjer ei gåve.

Reinare hamn

Delegasjonen frå Orknøyane var på vitjing hos Bergen hamnevesen der mellom anna Even Husby orienterte om deira satsing på miljøet. Mellom anna har dei bygt ein del grøne punkt i hamna for landstraum for å redusere utsleppa frå skip.  Dei arbeider og med prosjektet "Reinare hamn" der ureining på sjøbotnen i Puddefjorden er fjerna. Husby orienterte og om pilotprosjektet dei har for plastinnsamling.

Avslutninga hos hamnevesenet var ein båttur der desse miljøprosjekta vart vist fram.

OrknN1000B8682.jpg

Dette skiltet er ei gåve frå Orknøyane til Bergen hamn og ei markering av møtet over Nordsjøen.

Sekkepiper i fylkestinget 

Vennskapet mellom Orknøyane og Hordaland starta i 1978 mellom vennskapsorganisasjonane. 13. juni 1983 vart det formelt inngått på politisk nivå.

– Den dagen var det eit spesielt møte i Hordaland fylkesting. Dette var første fylkestinget med lyden av sekkepiper. Då skreiv fylkesordførar Edwin Eunson på Orknøyane og fylkesordførar Ole Dramdal i Hordaland under på vennskapsavtalen, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

I år er det 35 år sidan signering av vennskapsavtalen.