Opprettheld turistrute i Hardanger

Turistbåtruta i Hardanger skal halda fram også i 2020 og dei komande åra, vedtok Hordaland fylkesutval 6. desember.

Fylkesutvalet slutta seg til eit fellesforslag frå Ap, Krf, Sp og SV sett fram av Benthe Bondhus (Sp). 

Vedtaket seier at turistbåtruta i Hardangerfjorden vert vidareført frå 2020. Det skal lysast ut anbod for kontrakt på minimum fem år, med ønskjeleg driftsperiode 1. april - 31. oktober, i staden for noverande 1. mai – 30. september, på grunn av forlenga turistsesong. Noverande kontrakt gjeld ut 2019.

Den nye kontrakten bør opne opp for justeringar som er tilpassa utviklinga av reiselivspakkar.

Fylkesutvalet ventar at det vert eit spleiselag mellom fylket, kommunane og næringslivet i området.

Etter forslag frå Tom Sverre Tomren (Krf) ber fylkesutvalet om at det ved utlysing av anbodet vert vurdert om det er høve til å leggja inn krav om null- eller lågutsleppsteknologi.