Vi lanserer fotoarkiv

I dag lanserer vi eit foto- og mediearkiv. Det gjer det enkelt for media og andre å finne relevante bilete frå alle tenesteområda til Hordaland fylkeskommune.

I fotoarkivet ligg det eit utval foto til bruk for å illustrere aktiviteter knytt til Hordaland fylkeskommune. Bileta representerer alle tenesteområda til fylkeskommunen.

Spesielt under fana «Fylkesarkivet» ligg det gamle fotoskattar som kan vere vel verdt å ta ein titt på.

Under «Utdanning» finn du bilete frå alle dei offentlege vidaregåande skulane i fylket som utgjer eit tidsbilete frå skulekvardagen i dag.

Arkivet skal vekse

– Alle bileta er godt teksta slik at det skal vere enkelt å få tilgang til det du ønskjer ved å søkje. Vi håpar dette vil opplevast som ein brukarvenleg teneste. Dette er berre byrjinga, fotoarkivet vil vekse innanfor alle kategoriar, seier Janne Værnø, kommunikasjonsdirektør i Hordaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen fyller på med nye og relevante bilete fortløpande, og finn du ikkje det du er på jakt etter, vil vi sjølvsagt hjelpe deg.

Ved bruk må du kreditere fotograf og Hordaland fylkeskommune. Bileta må berre brukast i samanheng med aktivitetar knytt til Hordaland fylkeskommune. Ellers er bileta merka med CreativeCommon linsens 4.0

Eiget arkiv for tilsette

Tilsette i HFK har eit eiget internt arkiv med tilgång på langt fleire bilete. Gå til fotointern.hfk.no og logg på med ditt vanlege brukarnamn og passord. Desse bileta kan du og enkelt leggje inn i Word og PowerPoint.