I framsyninga «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» fylgjer me Olina (16) og Ananias (17) på reise til Amerika på slutten av 1800-talet. Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika. Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingenting.
– Gjennom musikk, forteljing og biletspel ønskjer me å gje innsikt og formidla ein viktig og lite påakta del av historia om emigrasjon frå Noreg for 150 år sidan, seier fylkesmusikar Reidun Horvei.
Fortid og notid
- Me ønskjer å skildra eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar, seier Reidun Horvei.
Samarbeidsprosjekt
Framsyninga er tinga av Museumssenteret i Hordaland, og prosjektet er realisert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. «Migrasong» skal på turné med 11 konsertar i 11 kommunar.
På turnéen har Redun Horvei med seg Øyvind Lyslo (strengjeinstrument) og Per Inge Hove (trøorgel). Regi er ved Tore Nysæter, og bileta er tilrettelagt av Steffen André Hagen.
Framsyningar
Søndag 9. september kl. 18.00: Nypremiere i Emigrantkyrkja på Sletta, Radøy
Tysdag 11. september kl. 12.00: Sotra Arena, Fjell
Onsdag 12. september kl. 19.00: Strandvik grendahus, Fusa
Torsdag 13. september kl. 19.00: Bergen sjøfartsmuseum, Nygårdshøyden
Fredag 14. september kl. 17.30: Fedje fleirbrukshall, Fedje
Måndag 17. september kl. 19.00: Austrheim folkebibliotek, Austrheim
Tysdag 18. september kl. 19.00: Sandneskaffen, Masfjorden
Onsdag 19. september kl. 19.00: Herdla museum, Askøy
Torsdag 20. september kl. 19.00: Hamre kyrkje, Osterøy
Fredag 21. september kl. 19.00: Nordhordland folkehøgskule, Frekhaug
Søndag 23. september kl. 19.00: Eidfjord kinosal, Eidfjord

Plakat for framsyninga.