Ny tilskotsordning for lag og organisasjonar

Hordaland fylkeskommune får kvart år mange førespurnader om økonomisk stønad til ulike føremål som ikkje fell innanfor etablerte tilskotsordningar. No blir dette organisert i ei offisiell årleg tilskotsordning med søknadsfrist 1. juni.

Fylkesutvalet har sett av 1,5 millionar kroner til søknader som kjem innan 1. juni. Søknadene blir lagt fram til politisk behandling i tilknyting til budsjettet til hausten og utbetalt over nyår. 

Fylkeskommunen har i alle år gjeve tilskot til ymse lag og organisasjonar som ikkje naturleg høyrer inn under dei etablerte tilskotsordningane. Fylkesutvalet har vedteke retningslinjer med klare kriterium for tildeling av slike tilskot gjennom den nye søknadsordninga. 

Følgjande kriterium gjeld: 

  • Tilskotet går til tiltak som kjem Hordaland-samfunnet til gode, og ligg innanfor kjerneområda for fylkeskommunen si verksemd.
  • Tilskotet går til tiltak som understøttar hovudmåla som går fram av utviklingsplan for Hordaland.
  • Tiltaket kjem ikkje innunder andre ordningar til Hordaland fylkeskommune.
  • Gjennom tildelingane skal det søkjast å oppnå ei viss rullering mellom søkjarar, for å sikre at flest mogleg aktørar vert tilgodesett.
  • Midlar som ikkje vert nytta ut frå gjevne vilkår, kan krevjast betalt tilbake. 

Desse krava blir stilt til søknaden:

  • Kort omtale av kva søkjar ønskjer å nytte tilskotsmidlane til, inklusive målsettingar og relevans for tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring og vurdering av forventa effekt.
  • Søknadssum.
  • Enkel rapportering på gjennomføring og resultat av nytta midlar tildelt siste år skal leggast ved eventuell søknad om nye tilskotsmidlar. 

Desse kan søke:

  • Lag, grupper, institusjonar og organisasjonar. Einskildpersonar kan ikkje søke. 

Alle mottakarar av tilskot frå fylkeskommunen i 2018 er varsla om vedtaket.