Norges Vel medalje til Mr. Inntak

– Eg har likt meg veldig, veldig godt, seier Nils Skavhellen. Han er tildelt Norges Vel medalje for lang og tru teneste etter nesten 46 år i Hordaland fylkeskommune. I desse åra har han gitt 800 000 elevar skuleplass i vidaregåande skule.

Nils Skavhellen har fylt 70 år og er blitt pensjonist. Norges Vel medalje vart overrekt av fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, på avslutningssamkomet på Scandic Ørnen Hotel med gode kollegaer og venner. I alle desse åra har han vore Mr. Inntak. 

– Vi kjem ikkje nærmare ein institusjonen i Hordaland fylkeskommune enn Nils Skavhellen. Han har eit flott motto: «Vi skal hjelpe alle, så lenge det ikkje går ut over andre». Han har gjeve skuleplass til alle kull med elevar som er født i 1957 og seinare. Han forstår ungdommen. Eg lurer på om det ikkje var Skavhellen som fann opp dette med inntak. Norges Vel medalje er for dei som har gjort noko utanom det vanlege, sa Heggheim under overrekkinga. 

Landsleiande 

Tidlegare fylkesdirektør for økonomi i fylkeskommunen, Johnny Stiansen, var full av lovord om Skavhellen. 

– Det er heilt unikt det denne heidersmannen har gjort. Han var landsleiande i å bygge opp inntaket til dei vidaregåande skulane. Han har ein utruleg kompetanse, sa Stiansen.

NilsN1000B3747.jpg

Fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, overrekker diplomet frå Norges Vel til pensjonert inntaksleiar Nils Skavhellen. 

Hjelpesendingar

Nils Skavhellen har vært svært aktiv i hjelpesendingane med bussar og utstyr frå Hordaland til Litauen etter frigjevinga frå Sovjetunionen i 1990. Meir enn 30 bussar fullasta med utstyr reiste austover. Leiar av det dåverande utdanningsutvalet i Hordaland, Brynjulf Hernes, var med på dette.

– Litauen vart vårt felles kontaktpunkt. Vi har mange felles kjende og mange felles minne, sa Brynjulf Hernes. Skavhellen, Hernes og bussjåfør Jan Gåssand, som var avdelingsleiar ved Os vidaregåande skule, reiste med hjelpesendingane til Litauen. Det var dåverande fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale som tok initiativ til hjelpesendingane.

NilsN1000B3750.jpg

– Litauen vart vårt felles kontaktpunkt, sa Brynjulf Hernes (t.h.) som saman med Nils Skavhellen og Jan Gåssand tok seg av hjelpesendingane austover, saman med dåverande fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale, etter at landet skulle byggast opp etter lausrivinga frå Sovjetunionen i 1990.

Fekk ansvar for første felles inntak 

Nils Skavhellen starta i Hordaland fylkeskommune 1. januar 1973. Han kom rett frå Kommunalhøgskulen som økonom, og etter eit halvt år fekk han ansvar for det første felles inntaket av elevar til dei vidaregåande skulane i Hordaland. 

– Eg har aldri søkt på stillinga, men har vore her i alle år. Leiarane mine har late meg styre inntaket og gjeve meg ansvar og tillit. Difor har eg blitt verande her. Eg veit ikkje korleis det blir å slutte, men det blir rart. Det blir som ungdomsskuleeleven som skal byrje i vidaregåande skule. Det blir eit vegskilje. Eg kan identifisere meg med 16-åringane, seier Nils Skavhellen, pensjonert inntaksleiar.